Hopp til hovedteksten
loss.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Mengdemåling av fisk ved hjelp av trål

Under økosystemtoktet brukar vi ikkje berre akustikk til å måla mengda av fisk, også trålane kan brukast til det føremålet, både den pelagiske, som vi brukar når fisk står fritt i vassøyla, og botntrålen, som fiskar heilt nede ved botnen. Prinsippet er i begge tilfella at ein freistar finna ein tettleik av fisk innanfor det volumet som trålen fiskar i, og multipliserer så opp denne tettleiken med det totale arealet arten er utbreidd over. [22.09.05]



Pelagisk trålpose. Foto: ©George McCallum
Under økosystemtoktet brukar vi ikkje berre akustikk til å måla mengda av fisk, også trålane kan brukast til det føremålet, både den pelagiske, som vi brukar når fisk står fritt i vassøyla, og botntrålen, som fiskar heilt nede ved botnen. Prinsippet er i begge tilfella at ein freistar finna ein tettleik av fisk innanfor det volumet som trålen fiskar i, og multipliserer så opp denne tettleiken med det totale arealet arten er utbreidd over.

Den pelagiske trålen brukast til å måla mengda av fiskeyngel, eller ”0-gruppe” som vi kallar fisk som er i sitt første leveår. Dette skjer ved at ein trål med finmaska notlin i posen vert bruka i eit såkalla trappehal. Ein drar først trålen i overflata i 10 minuttar, senkar han så ned i 20 m i 10 minuttar, så i 40 m og eventuelt også i 60 m dersom laget med yngel stikk så djupt.

Det er festa spesielle måleinstrument til trålen som viser kor stor opninga er, og det vert registrert nøyaktig kor langt trålen vert taua. Ved hjelp av desse opplysningane, og ved å telja kor mange eksemplar det er av kvar art i fangsten, kan det reknast ut ein tettleik av kvar art.



Trålhal. Foto: ©George McCallum
Vi tek slike hal jamt fordelt ut over heile Barentshavet, og kan då finna det totale utbreiingsområdet til kvar art. Dette arealet vert så delt inn i mindre ruter, der trålhala innanfor ruta gir oss eit mål for gjennomsnittleg tettleik. Mengda av yngel vert så rekna ut for kvar av desse rutene ved å multiplisera denne tettleiken med arealet av ruta, og så vert mengda i alle rutene summert til ei total mengd av kvar art for heile havet. Dette kallast ”0-gruppeindeksen” for arten. Variasjonen frå hal til hal innanfor rutene gjer oss også i stand til å rekna ut uvissa i denne indeksen.

Vi har gjort slike undersøkingar heilt frå 1965, og sjølv om metodikken har endra seg litt frå dei første åra i serien, har vi no ein lang serie med samanliknelege 0-gruppeindeksar, som er svært interessant å samanlikna med til dømes kor stor gytebestanden er, korleis temperaturtilhøva er og liknande, og sjølvsagt også til å gje oss ein første peikepinn om kor stor denne årsklassen vil bli.



Svamp sorteres ut fra bunntrålen. Foto: ©George McCallum
Botntrålen vert bruka til å måla mengda av fisk ved botnen. Høgda på botntrålen vi brukar er berre fire meter, og grunnen på denne trålen sopar langsmed botnen. Også her vert trålhala gjennomførde etter ein nøye fastlagd prosedyre, slik at hala skal verta så samanliknelege som mulig, både frå fartøy til fartøy og frå år til år. Instrument på trålen fortel nøyaktig når han kjem ned på botnen og byrjar å fiska, kor brei opninga er, osb. Det vert også registrert nøye kor langt trålen vert dregen langs botnen.

Fangsten vert analysert, og dei ulike artane vert lengdemålte og talde. Tettleiken av kvar lengdegruppe av kvar art vert så rekna ut ved å dividera talet på fisk med arealet trålen har fiska i. Desse reknestykka vert gjorde for kvar lengdegruppe av kvar art, for å kunna justera fangsten med ein lengdeavhengig faktor. Ein har nemleg ved hjelp av forsøk funne ut at ikkje alle fiskar av ein art som er framfor trålopninga vil verta fanga; dei minste kan sleppa gjennom dei store moskane framme i trålen, dei største har ein sjanse til å symja unna før dei vert fanga. Slik informasjon vert bruka til å få så realistiske mål for tettleiken som mulig.

På same måte som forklart ovanfor vert det teke slike hal med jamne mellomrom over heile havet, som så vert delt inn i mindre ruter til hjelp i reknearbeidet. Representative prøver av kvart art vert også aldersbestemt, slik at det endelege mengdemålet kan gjevast både for kvar lengdegruppe av fisk og for kvar aldersgruppe. Vi har førebels ikkje mange år med samanliknande tråltokt om hausten, så resultata frå årets tokt vil ikkje få så store konsekvensar for vurderinga av bestandssituasjonen før om nokre år. Men meir om det ein annan dag.

Harald Gjøsæter, toktleiar G.O. Sars

Følg toktdagboken! 
August
M T O T F L S
1../dagbok/tokdagbok1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31
September
M T O T F L S
1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30