Hopp til hovedteksten
loss.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Livet på labben

Arbeidet i dei ulike laboratoria om bord er ikkje for pyser. Medan til dømes toktleiaren store deler av døgnet kan sitja i ein god stol framfor datamaskinar, ekkolodd og andre instrument, og berre gå på dekk eller i laboratoriet når det skjer noko spanande, som at ein trål kjem inn, så må dei andre forskarane og teknikarane utføra sitt arbeid i laboratoria gjennom store deler av vaktene sine. Alle om bord arbeider minst 12 timar i døgnet, og dei fleste går vakter, 6 timar på og 6 timar fri. Slik må det vera om fartøya skal vera operative døgnet rundt. [19.09.05]

Arbeidet i dei ulike laboratoria om bord er ikkje for pyser. Medan til dømes toktleiaren store deler av døgnet kan sitja i ein god stol framfor datamaskinar, ekkolodd og andre instrument, og berre gå på dekk eller i laboratoriet når det skjer noko spanande, som at ein trål kjem inn, så må dei andre forskarane og teknikarane utføra sitt arbeid i laboratoria gjennom store deler av vaktene sine. Alle om bord arbeider minst 12 timar i døgnet, og dei fleste går vakter, 6 timar på og 6 timar fri. Slik må det vera om fartøya skal vera operative døgnet rundt.

På plankton- og vass-labben er det to som bytast om å vera på vakt, og ein tredje som tek seg av analysar av radioaktivitet i prøver frå fisk, vatn, og sediment. På kvar stasjon skal det gjerast fleire håvtrekk etter dyreplankton, og ca ein gong i døgnet vert det teke prøvar med eit reiskap som samlar plankton frå åtte ulike djup. Ein slik stasjon tek lang tid å opparbeida, for kvart nett skal handsamast separat, prøvar konserverast, merkast og lagrast. Vassprøvar skal takast frå vasshentarane som vert fylt og lukka på ulike djup kvar gong CTD-sonden vert sendt ned til botnen for å ta ein profil av temperatur og saltinnhald i vatnet. Desse vassprøvene vert analysert med tanke på kjemiske stoff, radioaktivitet og planteplankton.

I fiskelabben, der prøvene frå trålhala vert analysert, går arbeidet so og seie i eitt, døgnet rundt. Det er ein mødesam prosess, særleg når ein bunntrålfangst skal analyserast. Sjølv om vi brukar små trålar og berre 15 minuttars hal, så kan fangstane innehalde eit mangfald av organismar, både fisk, skaldyr og allslags kryp som lever på botnen. Først skal alt dette sorterast og klassifiserast, så skal det vegast og målast, og så skal det takast spesialprøver av mange slag, t.d. individprøvar av mange fiskeartar. Gjerne skal det også frysast ned eller konserverast prøver til forskarar ved Havforskingsinstituttet og andre institusjonar som ikkje sjølve er med på toktet. Når det er gjort skal alle data registrerast og lagrast på filer i datamaskinane, skjema førast og skrivast ut for kvalitetssjekk og dokumentasjon. Så skal øyresteinar for alderslesing støypast inn, lesast og registrerast i databasen. Når det står på som verst, kjem neste trålfangst på dekk før den førre er teken unna. Dette arbeidet er vanskeleg nok i seg sjølv, og eit skikkeleg slit når ein samstundes må halda seg fast i uroleg ver. Stakkars dei som då slit med sjøsjuka i tillegg…

Hadde det ikkje vore for at desse folka kan sine ting ut og inn, og legg heile si ære i å få arbeidet unna på best mulig måte, så hadde det ikkje vorte noko data for oss oppe i operasjonsrommet å analysera. I alle fall ikkje nokon data som vi kunne lita på.

Kanskje er dette den aller største utfordringa med å køyra økosystemtokt; arbeidet har vorte så mangfaldig at den einskilde som arbeider i laboratoria må ha kompetanse på stendig fleire felt. Det er grenser for kor mange ein kan ta med på tokt; om bord her på ””G.O. Sars tel forskingsstaben t.d. 17 personar. Når dette skal delast på to vaktlag og nokon av personane er svært spesialiserte, som t.d. dei som sørgjer for at alle instrumenta verkar, dei som kontinuerleg speidar etter sjøpattedyr og sjøfugl, dei som er på planktonlabben eller gjer radioaktivitetsanalysar, så vert det mange oppgåver på dei som skal analysera trålfangstande. Medan vi før reiste på reine loddetokt i Barentshavet om hausten, og hadde to loddespesialistar i labben på kvar vakt, må no tre eller fire personar handtere alle slags fisk og botnorganismar. Dette er ei utfordring både for den einskilde og for instituttet vårt, og blir det nok endå meir i framtida, dersom arbeidet på tokta skulle verta endå meir omfattande.

Om livet i labben kan vera tøft nok, er det andre som tidvis kan ha det verre om bord, nemleg dei av mannskapet som må på dekk i allslags vêr, for å gjera tungarbeidet med å få prøvane om bord. Men meir om dei ein annan dag.

Harald Gjøsæter, toktleiar G.O. Sars

Følg toktdagboken! 
August
M T O T F L S
1../dagbok/tokdagbok1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31
September
M T O T F L S
1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30