Hopp til hovedteksten
akustisk-mengdemaaling.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Mengdemåling av fisk ved hjelp av akustikk

Eit av dei viktigaste føremåla med økosystemtoktet er å måle storleiken på fiskebestandane i Barentshavet. For dei såkalla pelagiske fiskeartane, dvs dei som lever oppe i sjøen (som i Barentshavet vil seie lodde, polartorsk, sild og kolmule), så er dette einaste måten vi kan få kunnskapar om bestandsstorleiken på. For botnfiskar som torsk, hyse, blåkveite og uer, er akustisk mengdemåling berre eit supplement til mengdemåling med botntrål, men meir om dette ein annan dag. [16.09.05]

Akustisk mengdemåling tek utgangspunkt i at alle organismar i sjøen vil sende eit ekko attende når dei blir treft av lydstråla frå eit ekkolodd. Medan båten seglar i ca 10 knop, sender ekkolodda ut lydpulsar vinkelrett nedover i sjøen fleire gonger i sekundet. Mellom kvar utsending av lyd, så lyttar ekkoloddet etter ekko frå fisk eller andre organismar under båten. I tillegg til styrken på ekkoet og djupna det kjem frå,  registrerer også ekkoloddet andre eigenskapar ved ekkoet.

All denne informasjonen vert så bearbeidd i eit instrument kalla ekkointegrator, som summerer ekko langs kurslina til båten, og reknar ut eit mål for kor mange og kor sterke ekko som vert registrert, ”ekkomengda”.

Om bord på G.O. Sars har vi fire ekkolodd som sender ut lyd med ulike frekvensar. Dette er fordi ulike organismar gjev ekko av ulik styrke alt etter kva frekvens lyden har. Denne informasjonen kan vi bruka til å få meir kunnskap om kva slags organismar som faktisk finst under båten. Også utsjånaden av registreringane på ekkoloddet kan i mange tilfelle seie oss kva slags art det dreier seg om, fordi erfaringa viser at kvar art har sine karakteristiske måtar å oppføra seg på. 

Den viktigaste kjelda til kunnskap om kva som gjev ekko er likevel trålhal, som vi føretek med jamne mellomrom på dei registreringane vi passerer over. Slik får vi vita kva slags art og storleikar av kvar art som er opphav til ekkoa vi målar. Ved å kombinera denne informasjonen med den informasjonen som ekkointegratoren gjev oss, kan vi rekna ut både mengde og storleiksfordeling av dei ulike fiskeartane. Rett nok gjev dette oss berre eit mål for fisketettleiken langs dei kursane vi har gått, og for å få eit totalmål for mengda av fisk i eit område må vi gjera den føresetnaden at den gjennomsnittlege tettleiken av fisk langs dei kursane vi har dekka er lik den mellom kursane. Under dette toktet er avstanden mellom kursane i dei fleste områda på lag 50 km.

Det er sjølvsagt uvisse knytt til akustisk mengdemåling. Dei viktigaste kjeldene til uvisse er truleg omrekningsfaktorane mellom ekkomengde og fiskemengde for kvar art og storleiksgruppe, det at trålen ikkje fangar alle artar og storleiksgrupper like effektivt (og at vi derfor får eit feil bilete av kva som har gjeve ekko), og sjølve prosessen der vi tolkar ekkogramma og tilordnar ekkomengda til fiskeart. Denne metodikken er likevel den beste som finst for å vurdere storleiken på ein pelagisk fiskebestand, og mykje tyder på at han er noggrann nok til at vi kan basere våre råd om forvalting av t.d. lodda i Barentshavet på han.

Og det skal vi gjera også i år: På veg til lands reknar vi ut det totale loddeestimatet for alle fartøya samla, og sender ein rapport til rådgjevingskomiteen ACFM i Det internasjonale Havforskingsrådet, som møtest i København veka etter at vi kjem heim. Frå dette møtet vil det gå eit råd om eventuelle loddekvotar for 2006. Dette rådet går til Den norsk-russiske fiskerikommisjonen, som møtest tredje veka i oktober og bestemmer om, og eventuelt kor mykje, lodde som norske og russiske fiskarar får lov å fiska i 2006.

Harald Gjøsæter, toktleiar på G.O. Sars

~ les meir i brosjyra brosjyrer om arbeidet  til Havforskingsinstituttet

Hva er et økosystem?

Økosystem beskrives ofte i form av energioverføring mellom nivåer i næringskjeden. Men bak energioverføringen foregår det et spill på liv og død mellom rovdyr og byttedyr. Dette spillet der hvert enkelt individ prøver å gjøre det best mulig for seg selv i form av å spre sine gener, resulterer i det såkalte samspillet i naturen. Dette er et fascinerende samspill både å utforske og forvalte.

Nordsjøen og Skagerrak

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177