Hopp til hovedteksten
fintver_180px.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Ikkje alt går som planlagt

Det einaste ein kan vera heilt sikker på når det gjeld forskingstokt, er at same kor gode og grundige førebuingar som er gjorde, så går ikkje alt slik det var tenkt. ”Det er skilnad på teori og pakk-is” skal ein ishavsfarar ha sagt, og det fekk ”Jan Mayen” sanna då dei skulle ut på andre delen av økosystemtoktet. [15.09.05]


Planen var å gå nord om Svalbard og halda fram med stasjonsarbeid austover frå der dei avslutta på første delen av toktet. Men det gjekk ikkje; isen hadde no pakka seg heilt ned til Nordaustlandet, så den vegen var stengd. Dei måtte då gå gjennom Hinlopen, sundet som skil Nordaustlandet frå Vest-Spitsbergen, og så gå nordover aust for Nordaustlandet. Ein god del av dei oppsette stasjonane ligg inne i isen, så det er usikkert korleis dette toktet vil utvikla seg dei næraste dagane. Men iskanten kan flytta seg mange mil nord- eller sørover i løpet av få timar, alt etter kva veg vinden bles, så dette biletet kan fort snu seg att.

Også vi på "G.O. Sars" fekk merka at ikkje alt går på skjener då vi skulle halda fram toktet etter å ha vore i Kirkenes for å skifta mannskap og forskingspersonell. Få timar før avgang måndag kveld vart ein person sjukemeld, og måtte returnera til Bergen. Sjølv om ein vikar vart skaffa i løpet av få timar var det umogeleg å få han opp til Kirkenes før neste dag, så avgangen måtte utsetjast i over eit halvt døgn. Då vi endeleg kom oss på tur mot arbeidsområdet søraust av Hopen, bles det opp til stiv til sterk kuling beint imot, og farten måtte reduserast. Med det vart forseinkinga endå større, og vi nådde opp i området først onsdag kveld.

På russisk side er heller ikkje alt fryd og gaman. Dei høge bunkersprisane, som også råkar vårt institutt hardt, får endå større følgjer for drifta av dei russiske forskingsfartøya. Det er no bestemt at det eine av dei av den grunn må avslutta undersøkinga nokre dagar før det som var planen, så no må kurskarta teiknast om endå ein gong.
Men, som nemnt; ingen ting av dette er unormalt. I ein så stor operasjon som dette, som involverer fem fartøy frå to nasjonar og minst 150 personar i to månader, og der vi er heilt avhengige av naturens luner når det gjeld vind og ver og is, så må ein rett og slett rekna med at eit og anna ikkje går som det var tenkt.

Men no er veret vakkert og  alle om bord på ”G.O. Sars” har igjen  kasta seg over arbeidet.

Harald Gjøsæter, toktleiar ”G.O. Sars”

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Harald Gjøsæter
414 79 177