Seitoktet til Havforskingsinstituttet tok til i 1985, medan det har vore tokt på kysttorsk sidan midten av 1990-talet. I 2003 vart dei to tokta slegne saman.
Forskingsfartøya som deltek i toktet går til saman 8 000 nautiske mil frå Varanger til Stad.
Ksttoktet er eit akustisk tokt. Toktet følgjer faste kursliner der det registrerer fisk ved hjelp av ekkolodd.
Hovudføremålet med toktet er å kartleggja geografisk fordeling og framskaffa mål for viktige bestandsvariablar som:
• Talet på fisk, gjennomsnittslengde, -vekt og modning i kvar aldersgruppe i bestandane av kysttorsk, sei og hyse i kyst- og fjordområda frå Stad – Varanger.
Innsamla data og tilhøyrande resultat vert nytta i bestandsanalysane og -vurderingane i ICES og i fleire av Havforskingsinstituttet sine prosjekt.
