Hopp til hovedteksten
Kalibreringskuler
Kalibreringskuler for sonar og ekkolodd i wolframkarbid. Ulike kuler vert brukt til ulike f rekvenser.
Foto: Egil Ona
Utskriftsvennlig versjon

Kalibrering av ekkolodd og sonarar

Toktdagbok: Havforskingsinstituttet tek no opp att gytetoktet på norsk vårgytande sild (NVG-sild). Tre fiskebåtar er på vei for å kartleggja gytevandring og gytebestand på silda. Før jakta på silda kan starte, er det viktig å kalibrera ekkolodd og sonarar for å vere sikker på at alle båtane måler likt og måler riktig. 
Kalibrering av det akustiske måleutstyret er naudsynt for å kunne måle rett sildemengde. Metoden og prosedyren for dette vart utvikla av forskarar og instrumentpersonell ved Havforskingsinstituttet i 1980, og har stegvis blitt betra etter dette. Målingane har to separate formål, bekrefte at utstyret fungerer i høve til spesifikasjonen og justering av yting eller nivå.  

Senker kuler ned i sjøen

Ekkoloddet sender ein presis ekkoenergi ned i sjøen i ein sterk lydpuls som varer 1/1000 sekund, eller eitt millisekund. Lengda av denne er pulsen ca. 1,5 meter i sjøen, og pulsen vandrar med lydfart for sjø (1473 m/s i Ålesund hamn) nedover i sjøen inne i ekkoloddstrålen, ei rund kjegle på om lag sju graders opningsvinkel. 
 
Toktførebuingar

Ligrunn" til venstre og "Inger Hildur" til høyre til kai i Ålesund før toktet starter.  

Foto: Aril Slotte
 
Ved å senke eit kjent kalibreringsmål med kjent ekkostyrke ned i ekkoloddstrålen og plassere den i midten av strålen (akustisk akse), kan vi samanlikne målt ekkostyrke med kjent ekkostyrke, akkurat på same måten som vi kalibrerer ei vekt. Avvik blir justert, og nye målingar blir repeterte til avviket er mindre enn ca. 1 %. I same prosedyre blir sjølve ekkoloddstrålen inspisert og sjekka for avvik.

Etter kalibreringa blir det laga eit målebrev som blir lagt ved sjølve toktdata frå sildemålinga slik at andre som skal vurdere mengdemålinga av sild også kan vurdere kvaliteten på målingane.

Kalibreringshamn

Nedsenkinga av kalibreringskula under fartyet krev normalt at vi går til ein stille fjord, ankrar opp båten på om lag 40-50 meters djup og ligg stille nokre timar, med måling av kula på ca. 20 meters djup, under fartøyet. I Ålesund treng vi ikkje dette. Her har dei bygd ei ny, flott fiskerihamn, med god 30 meter djupne ved enden av piren. Her kan vi faktisk liggje inne i byen og kalibrere både fiskefarty og forskingsfarty. Det oppdaga vi på eit tokt som starta i Ålesund i mars 2013. Vi følte oss derfor nesten som Finn Devold der vi sprada rundt ein heil dag og gjorde oss klare for sildetokt.
 
Oppsett for kalibrering

Oppsett for kalibrering av ekkolodd med referansemål

 
Nedsenkinga og posisjoneringa av kula under fartyet skjer rimeleg enkelt ved å posisjonere tre motoriserte små fiskesneller med 0,6 mm gut i ein omtrentleg likebeint trekant rundt punktet på fartyet der ekkoloddsvingaren er montert i kjølen. Ei line blir trekt under kjølen frå babord til styrbord og festa saman med dei to andre linene, med kula i enden. Merker på guten sikrar at alle linene er like lange, og litt regulering er ofte naudsynt før kula viser seg i den smale ekkoloddstrålen, berre 2,4 meter i diameter på 20 meters djup.

Som ekkolodd, så sonar

Mesteparten av målinga av silda foregår med vitskapleg ekkolodd, men stimar som står nær yta om natta kan også målast med sonar, eit tilsvarande prinsipp, men der 64 strålar blir sendt ut horisontalt og lagar eit bilete av store ekkomål rundt fartyet i ein radius ut til 1000 eller 2000. Desse er førebels ikkje så nøyaktige som ekkolodda, men gir ofte svært god tilleggsinformasjon om stimstorleik, vandringsfart og oppførsel. 

På piren i Ålesund kunne sonarane også kalibrerast med tilsvarande, men meir komplisert metodikk. Ein ung ålesundar tek til og med doktorgraden sin på dette i år. Saman med tre andre forskarar frå Bergen sprang han rundt på dei glatte bakkane om bord for å få utført dette same dagen som ekkolodda vart kontrollerte.

Kalibreringa av tre fartøy med ekkolodd og sonarar var truleg  ny verdsrekord, sidan vi ikkje kjenner til at nokon har makta det på ein dag før! Vi skal anbefale Ålesund for utanlandske forskingsfarty som ofte kjem til norske fjordar for å gjere denne viktige oppgåva.

Typisk ekkogram fra kalibrering

Typisk ekkogram fra kalibrering med kule-ekko på om lag 17 meter og kula sin posisjon inne i strålen (venstre).

 

Fakta om NVG-sild

Latinsk navn: Clupea harengus L.
Familie: Clupeidae
Maks størrelse: 40 cm og 500 g
Maks levetid: 25 år
Leveområde: Nordøst-Atlanteren
Hovedgyteområde: Møre og Nordland
Gytetidspunkt: Februar–mars
Føde: Plankton
Spesielle kjennetegn: Lever i tette stimer som beveger seg som en enhet

Norsk vårgytende sild

Kontaktpersoner

Aril Slotte
995 19 782
Egil Ona
909 98 087