Hopp til hovedteksten
Baugen i bølger:
”Bjørkhaug” kom ut for uver på ferda frå Tromsø til Vesterisen.  
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

Inn i isen, lite sel å sjå

Toktrapport: Klokka 07:00 laurdag morgon sette ”Bjørkhaug” baugen mot iskanten. Då var det blitt såpass med dagslys at vi kunne gå inn i isen og leite etter sel. Her var det ”alle mann ved kikkertane”, men  førebels har det vært lite sel å sjå.

”Bjørkhaug” gjekk inn i isen på 72 grader og 51 minutt nordleg bredde og 13 grader og 04 minutt vestleg lengde. På brua er det to og tre kikkertar i bruk samtidig. Både toktleiaren, kapteinen, dei to styrmennene og alle andre retter kikkertane framover og til sides. Alle ser etter det såkalla ”kastet” eller ”kasteområdet” – det vil seie staden kor mengder med grønlandssel og klappmyss har samla seg for å setje ungar til verda.

Bjørkhaug i isen

”Bjørkhaug” tar seg godt fram i isen.

Foto: Gunnar Sætra

Lite å sjå

Selen korkje lammar eller kalvar – den kastar når den får ungar. Då samlar fleire tusen selar seg på eit lite område, og det er desse dyra forskarane frå Havforskingsinstituttet og Norut må finne før dei går i gang med oppdraget sitt – å prøve ut om dronar egner seg til å telje sel   

Bjarte Madsen:

Bjarte Madsen har vore kaptein på ”Bjørkhaug” i tre og eit halvt år.

Foto: Gunnar Sætra

Måndag morgon låg ”Bjørkhaug” på 72o 10’ nord og 15o 06’ vest. Hittil har det vore lite sel å sjå. Sjølv om dei med kikkertane snur seg i alle retningar, ser dei berre eit og anna enkelt dyr. Dei med kikkertane fortel at dei ser både grønlandssel og klappmyss, men alle ligg så langt unna at det ikkje blir gode bilete av dei.

Klappmyss

Hittil har forskarar og mannskap på ”Bjørkhaug” berre sett ein og annan sel i Vesterisen.

Foto: Gunnar Sætra

Språkleg gåte

Havforskar Iljas Sjafikov frå Pinro er blant dei som bruker kikkerten mest, og han har sett både grønlandssel og klappmyss. I tillegg har han kanskje sett ein tredje art, og det er då det oppstår eit språkproblem som må løysast. Arten det er snakk om heiter «морской заяц» («morskoj zajats») på russisk. Direkte omsett blir det ”sjøhare” på norsk, men den norske ”sjøharen” er ingen sel. Dermed er leitinga etter ei meir presis omsetjing i gang, først på internett. Satellittsambandet er såpass tregt at vi må ty til ordbøker, men dei er ikkje spesielt gode når det gjeld selartar. Til slutt finn vi ut at «morskoj zajats» må vere det same som storkobbe. I mellomtida har søket på internett kome fram til det same.
– Den var eit stykke unna, og eg er ikkje hundre prosent sikker på at det var ein storkobbe, men den likna meir på det enn på klappmyss, fortel Sjafikov.

Iljas Sjafikov

Iljas Sjafikov meiner han så en storkobbe i Vesterisen.

Foto: Gunnar Sætra

Uver og solformørking

Ferda frå Tromsø og til Vesterisen, som ligg vest for Grønland, gjekk stort sett bra. Eit lite teknisk problem forseinka oss nokre timar. I tillegg kunne ikkje ”Bjørkhaug” gå med full fart på grunn av to dagar med dårleg ver. På det meste blåste det liten storm, og dermed blei det også høg sjøgang. Desse dagane var det ikkje trongt ved borda under måltida.

Fredag var det stor spenning om bord – ville vi få sjå solformørkinga? Iljas Sjafikov var den som var mest spent. Han hadde funne eit kart på internett som viste at vi kom til å vere inne i beltet frå Svalbard til Færøyane kor en kunne vente total solformørking. Ei stund lova det godt. Det var eit hol i skylaget, og alle retta merksemda mot det. Så blei holet tetta, og dermed fekk vi ikkje sjå månen gli framfor sola. Samstundes blei det mørkare og mørkare, mykje mørkare enn det bruker vere under den daglegdagse ”solformørkinga” – den vi opplever når skylaget  kommer i vegen for sola. Ei kort stund er det nesten like mørkt som om natta, men det varer berre ei kort stund. Lyset kjem gradvis tilbake, og sanneleg blir det eit ikkje lite hol i skylaget som viser at månen framleis var framfor mesteparten av sola. Vi hadde opplevd solformørking der ute i havet.

Solformørking

På veg vestover opplevde alle om bord i ”Bjørkhaug” solformørking.

Foto: Andreas Tøllefsen/Norut

Erfarne folk på brua

På brua er det røynde folk som fører ”Bjørkhaug” fram gjennom isen. Kaptein Bjarte Madsen har rett nok ikkje vore i desse områda tidlegare, men han har mange års erfaring frå islagte farvatn i Berginghavet.
– Det er ikkje stor skilnad på isen der og her, fortel han.
Overstyrmann Sverre Angelsen kan vise til meir enn 35 sesongar på selfangst, både i Vesterisen og Austerisen.
– Eg har vore skipper på bortimot 30 av desse turane, fortel han.

Sverre Angelsen

Overstyrmann Sverre Angelsen har lang erfaring i å speide etter sel.

Foto: Gunnar Sætra

Fakta om grønlandssel

Latinsk navn: Pagophilus groenlandicus
Andre norske navn: Sel og russekobbe, dessuten ulike navn på aldersstadier: kvitunge (diende), svartunge (avvent årsunge), brunsel (umoden ungsel), gammelhund (moden sel)
Familie: Ekte seler (Phocidae)
Maks størrelse: Om lag 200 kg og 1,9 meter
Levetid: Kan bli over 30 år
Leveområde: Nord-Atlanteren
Kastetidspunkt: Mars
Føde: Fisk og krepsdyr

Grønlandssel

Fakta om klappmyss

Latinsk navn: Cystophora cristata
Andre norske navn: Ulike navn på kjønn/aldersgrupper: blueback (årsunge), gris (1–2 år gammel), mus/klappmus (voksen hunn), kall/hettakall (voksen hann)
Familie: Ekte seler (Phocidae)
Maks størrelse: Hunnene om lag 350 kg og 2,2 meter; hannene 400 kg og 2,7 meter
Levetid: Kan bli over 30 år
Leveområde: Nord-Atlanteren
Kastetidspunkt: Mars
Føde: Blekksprut og noe fisk

Klappmyss