Hopp til hovedteksten
Flyplassen_nett.jpg
Seniorforskar Stian Solbø og droneoperatør Andreas Tøllefsen sjekkar om isflaket kan brukast som landingsstripe.
Foto: Gunnar Sætra
Utskriftsvennlig versjon

Fann ”flyplass”, mista flyet

Torsdag ettermiddag fann dei eit isflak som kunne fungere som landingsstripe. Klokka 19:40 letta dronen frå ekspedisjonsskipet ”Bjørkhaug”. Sidan har ingen sett den.

For vel ei veke sidan la ekspedisjonsskipet ”Bjørkhaug” ut frå Tromsø med forskarar og droneoperatørar om bord. Dei skulle til Vesterisen for å finne ut om dronar egner seg til å telje sel. Dette er eit vanskeleg område å operere i. Skiftande ver og vind speler ei avgjerande rolle for kva som kan utrettast. Mellom anna trengst det god sikt for at dei førerlause flya kan få utført oppgåva si – å fotografere sel på isen. Dessutan må flya landast på isen, noko som krev eit isflak som både er langt og flatt. Seniorforskar  Stian Solbø ved Norut seier at eit slikt flak bør vere omtrent 100 meter langt for at dei kan vere på den sikre sida.

Sjekka ”flyplassen”

Det tok nokre dagar før alle faktorane for ei vellukka flyging var til stades, men torsdag ettermiddag blei den største dronen gjort klar for avgang. Tidligare på dagen hadde Solbø og dronelaget hans gjennomført to vellukka flygingar med ein mindre drone. Difor sto uskytingsrampa allereie på dekk. For å vere på den sikre sida sjekka Solbø og droneoperatør Andreas Tøllefsen isflaket  som var pekt ut som ”flyplass”. Det var rett nok ikkje 100 meter langt, men vindforholda tillét ei litt kortare landingsstripe enn det.

Siste sjekk

Neste skritt var å fylle drivstoff på tanken. Det ubemanna flyet har ein bensinmotor på seks  hestekrefter, og ved avgang skulle det vere lasta med tre kilo drivstoff. Deretter blei flykroppen sett på katapulten, vingane festa og nyttelasten plassert der den skulle. I dette tilfellet bestod den av eit kamera som skulle ta bilde av sel på isen, samt diverse kommunikasjonsutstyr som brukast til å styre flyet. Deretter blei motoren starta og dei siste sjekkane gjennomført. Så auka turtalet på motoren, og presset i trykktankane på utskytingsrampa blei høgare. Det gjekk under eit sekund frå droneoperatør André Kjellstrup drog i spaken til flyet var på vingane og starta på det som såg ut til å bli ein vellukka flytur.

 

Foer_avgang_nett.jpg

Droneoperatørane André Kjellstrup (t.v.) og Ronny Sandslett gjer klar dronen før avgang.

Foto: Gunnar Sætra

Mista all kontakt

I radiorommet om bord i ”Bjørkhaug” sit Stian Solbø og Andreas Tøllefsen og styrer flyet. Kort tid etter avgang lét Solbø autopiloten overta styringa. Dermed startar flyet på kurslinene det skulle halde medan det fotograferte. Desse kurslinene er laga etter eit bestemt mønster som Solbø og laget hans har programmert inn i datamaskinen som styrer flyet. Alt ser ut til å ligge til rette for ei vellukka flyging. Så skjer det; ”flygeleiinga” om bord i ”Bjørkhaug” mister kontakten med flyet. Dei gjer fleire forsøk kontakt med flyet, både via satellitt og vanleg radio, men flyet er og blir borte. Dermed står det berre eit håp igjen: Dronen er programmert med at det skal vende ”heim” dersom det mister kontakten med droneoperatørane. I dette tilfellet var returen programmert til å skje etter litt over ein time. Etter å ha funne ”heim” skulle flyet ha sirkla ti gonger over utskytingsplassen før det landa.

I drift

Det viser seg at det dessverre liten hjelp i ”vende heim”-funksjonen i Vesterisen. Medan flyet er i lufta, driv ”Bjørkhaug” med isen, og når den programmerte tida i flyet har gått, er ekspedisjonsskipet 0,6 nautiske mil unna staden der flyet tok av.  

Toktleiar Kjell Tormod Nilssen har saman med droneoperatørane Ronny Sandslett og André Kjellstrup gått ut på ”flyplassen” for å ta i mot flyet. Dei får melding om at Solbø og Tøllefsen har mista kontakten med dronen, men blir likevel verande på isflaket – i tilfelle dei skulle høyre flyet. Sandslett har med seg ei fjernstyring som han kan bruke til å styre flyet på manuelt vis, men det hjelper lite så lenge farkosten ikkje er innan høyrevidde. Det ender med at Solbø ber dei komme om bord.

På leiting

Dermed er det berre å legge ut på leiting etter dronen, men det er like vanskeleg som å leite etter nåla i høystakken. Eller kanskje hakket verre; her er høystakken på konstant flyttefot og i jamn omrøring.

– Det er vanskeleg å seie kva som har skjedd, men eg har eit lite håp om at flyet kan ha returnert til utgangsposisjonen og landa der. Likevel er det minimal sjanse for å finne det, seier Solbø.

– Likevel gjer vi ei forsøk, for flyet er dyrt og det er gjort ein god del tilpasningar etter kvart som vi har brukt det. Dessutan er det ein harddisk full av data om bord, seier han.

Ikkje mista trua

Toktleiar Kjell Tormod Nilssen seier han ikkje har mista trua på å bruke dronar i samband med selteljing.

­– Det vil vere både billegare og meir praktisk enn å bruke vanlege fly, mellom anna fordi ein kan fly medan dei lokale vertilhøva er gode. Når vi bruker bemanna fly, er vi avhengige av at flyveret er godt også der kor flyet står, til dømes på Grønland eller på Island. Samstundes ser eg at det må gjerast noko med landingsteknologien før dronane kan takast  i bruk under fullskala teljetokt. Det er for usikkert å bruke isflak, fordi det går for lang tid å leite opp eit flak som ser stort nok. Difor bør det finnast fram til løysingar som gjer det mogleg å lande dronane om bord på båten som flyet skytast ut frå, seier han.

Fakta om grønlandssel

Latinsk navn: Pagophilus groenlandicus
Andre norske navn: Sel og russekobbe, dessuten ulike navn på aldersstadier: kvitunge (diende), svartunge (avvent årsunge), brunsel (umoden ungsel), gammelhund (moden sel)
Familie: Ekte seler (Phocidae)
Maks størrelse: Om lag 200 kg og 1,9 meter
Levetid: Kan bli over 30 år
Leveområde: Nord-Atlanteren
Kastetidspunkt: Mars
Føde: Fisk og krepsdyr

Grønlandssel

Fakta om klappmyss

Latinsk navn: Cystophora cristata
Andre norske navn: Ulike navn på kjønn/aldersgrupper: blueback (årsunge), gris (1–2 år gammel), mus/klappmus (voksen hunn), kall/hettakall (voksen hann)
Familie: Ekte seler (Phocidae)
Maks størrelse: Hunnene om lag 350 kg og 2,2 meter; hannene 400 kg og 2,7 meter
Levetid: Kan bli over 30 år
Leveområde: Nord-Atlanteren
Kastetidspunkt: Mars
Føde: Blekksprut og noe fisk

Klappmyss

Kontaktpersoner

Gunnar Sætra
916 11 414