Hopp til hovedteksten
Skomt.jpg
Ekkogram tar så mange former –  her er eit skrømt. Det er som om krillen peikar nase til oss før den igjen vert borte eller kjem fram på ekkoloddet i ny drakt.
Utskriftsvennlig versjon

Nokre gonger kjempar vi mot skrømt

Toktdagbok frå Antarktis, 15. februar: Krillen viser seg i så mange ulike framtoningar på instrumenta våre. Ein dag kom det fram eit ekkogram som faktisk mest likna på eit skrømt.

Økosystemet i Antarktis er enklare samansett enn noko anna storskala marint økosystem. Likevel er vi langt frå å skjøne alle samanhangar.

Voldsomme, hurtige omveltingar

Frå norsk side hadde vi med verdas første kombinerte straummålar og ekkolodd. Forskarar på Havforskingsinstituttet har laga dette instrumentet saman med instrumenteringsverksemda Nortek. Det skal gi oss eit biletet av fordeling og mengde av krill saman med obervasjon av straum i vassøyla. Vi trur at dette er ein nøkkel til å forstå dei voldsomme og hurtige omveltingane vi ser her – bestanden sin skrømtfaktor. Vi kjenner denne skrømtfaktoren også i andre bestandar, og den manifesterer seg som uvisse i bestandvurderingane. Ein annan del av skrømtfaktoren er knytt til korleis fisken eller krillen er orientert i høve til det akustiske instrumentet vi brukar. På høge frekvensar kan ei lita endring i den gjennomsnittlege vinkelen til krillen eller fisken gi stort utslag på tettleiken vi registerer. Og desse endringane kan skje fort.

Volumetrisk måling av krill

Volumetrisk måling av krill med stereokamera frå Metas. Systemet gir oss alternative mål på tettleik, storleik og orientering av einskildindivid.
 

Senkar kamera gjennom krillstimen

I eit industrisamarbeid med Statoil og Metas har Havforskingsinstituttet fått utvikla eit stereo kamerasystem som kan senkast ned gjennom krillstimen. Vi har no fleire profilar gjennom krillstimar, og har alt fått mykje ny kunnskap. Kamera gir oss rett storleik på individa og vulumtettleik samtidig som vi registrerer orienteringa til individa i rommet (slik det er illustrert på biletet).
Vi avslører ikkje heile skrømtfaktoren på dette toktet, men det er ei god kjensle å vite at vi er eit steg nærare både å kunne forstå og vurdere dette spanade økosystemet.