Hopp til hovedteksten
Forskingsfartyet James Clark
Forskingsfartyet James Clark ligg til kai på Falklandsøyane.
Foto: J. Gilham
Utskriftsvennlig versjon

Ventedagar med klargjering og pingvin-vitjing

20. januar 2016: Med fleire dagar ved kai har det vore små ekskursjonar på Falklandsøyane – denne til dels ugjestmilde, men likevel eksotiske øygruppa. Her kan ein vitje krittkvite sandstrender, som likevel ikkje byr fram til bading. Det er gangvegar gjennom reirkoloniane til pingvinane, som ser ut til å vere om lag like nyfikne som oss.

Etter ei lang reise med SAS til London og militærtransport til Falklandsøyane, kom vi, det vil seie Rokas Kubilius og underteikna (begge frå Marin økosystemakustikk) fram til «James Clark Ross» – forskingsfartyet til British Antarktic Survey (BAS).

Klargjering i ro og mak

Ugreia var berre at båten hadde motortrøbbel og vi hadde med delar frå Europa og to sørvismenn som skulle gjere jobben. Og ting tar tid, som det heiter. Det positive med dei fire ventedagane vi fekk, var at mobilisering og klargjering kunne gjennomførast i ro og mak. Kor ofte har eg ikkje ønskt meg slik klargjeringstid ved kai i Noreg. Det gjer godt å vite at vi har gjort det vi kan for å sikre av vår skjerv i den store utstyrspotta om bord. For her er det mykje utstyr. BAS har brei ekspertise på å operere i Antarktis, og dekkjer eit breitt spekter av ekspertise og teknologiar. Her er det oseanografiske og akustiske instrumentriggar i ulike variantar. Glidarar skal vi også bruke, og ulike kamerasystem for identifisering av åtferda til krill og andre organismer. Då trengs det å sikre at alt fungerer så godt det lèt seg teste under kontrollerte tilhøve ved kai.

Pingvin

Reirkoloniane til pingvinane kan nåast via eit nett av gangvegar. 

Foto: Olav Rune Godø

Nyfikne pingvinar

Men med fleire dagar ved kai har det vore små ekskursjonar på denne til dels ugjestmilde, men likevel eksotiske øygruppa. Såra frå krigen i 1982 er godt synlege. Når militære kjem inn er det ikkje mangel på ressursar. Det dei sette opp som temporære installasjonar, for eksempel bruer og flytande kaianlegg, er framleis i bruk. Her kan ein vitje krittkvite sandstrender, som likevel ikkje byr fram til bading (gradestokken viser så vidt over null grader midsommars), men med pingvinar og mange ukjende fuglar. Det er gangvegar gjennom reirkoloniane til pingvinane, så her er det lett å studere fuglar på nært hald utan at dei vert synleg påverka. Dei ser ut til å vere om lag like nyfikne som oss.

Detaljerte målingar av miljøet

Vår deltaking på toktet er ein del av ein samarbeidsavtale mellom Noreg og Storbritannia om arbeid i Antarktis. Eit hovudelement her er å forstå fordeling av både krill og dei landbaserte toppredatorane som har krill som hovudmatkjelde. Havforskingsinstituttet gjennomfører eit tokt ved Sør-Orknøyane kvart år i samarbeid med industrien og med ein trålar som forskingsplattform. Det toktet forlengar kvart år ein tidsserie av bestandsmål på krill i dette viktige fiskeområdet. No skal vi prøve å gjennomføre meir detaljerte målingar av miljøet i området samtidig som vi ser på tid-rom-dynamikk i krillfordelinga og moglege responsar på dei fysiske drivkreftene. Vi set dermed toktet vårt inn i eit større perspektiv.

Er Noreg verdsmeistrar i alt?

Vi skal også gjennomføre deler av programmet vårt saman med Saga Sea, Aker Biomarin sitt farty som er forskingsfartyet vårt i år. Industrien yter ein stor innsats inn i dette arbeidet og får ros frå internasjonale miljøorganisasjonar for bidraget til forsking og berekraftig forvalting.
Om bord har vi eit forskarteam med ekspertise innan akustikk, trofiske interaksjonar, miljø og økologi. Forskarane kjem frå USA, Storbritannia, Portugal og Noreg. Storbritannia og Noreg har også forskarar på land som granskar tilstanden i pingvin- og selkoloniane. Her er det Polarinstituttet som tilfører ekspertise frå Noreg. Det er spanande å sjå korleis BAS arbeider, og den som trur at vi i Noreg er verdsmeistrar i alt, bør kanskje stikke fingeren djupare i Sørishavet.
Samarbeidet med Storbritannia og Polarinstituttet er støtta av Forskingsrådet.
Vi skal vere ute til midten av februar og om ikkje det vert altfor hektisk, so skal vi prøve å rapportere om vårt arbeide ved høve fram til då.