Hopp til hovedteksten
Ekkogram av krillsverm og predator
Ekkogram av ein gigantsverm med krill. Dei vertikale strekane over svermen viser åtak av kval, sel og pingvin. På overflata såg vi mengder av finnkval og knølkval og tusenvis av pingvinar og selar.
Utskriftsvennlig versjon

Nok krill til å fylle heile Bergensdalen

Toktdagbok frå Antarktis, 8. februar 2016: Etter at stormen løya, dukka det opp nokre gigantsvermar med krill. Meir enn vi nokon gong har sett. Om vi førestiller oss svermen i Bergen, så hadde han strekt seg frå Fjøsanger til Nordnes!

Vi har hatt ei hektisk helg. Først fekk vi ein storm som sende oss i ly av Sør-Orknøyane. Men om stormen kom som sleppt ut av ein sekk, så forsvann den som når du slår av brytaren til lyset.

Krill opp "til Fløyen"

Det ser ut som slike omkalfatringar som ein storm gir, også veltar om økosystemet. Då vi kom ut igjen såg vi større konsentrasjonar av krill enn nokon gong før og meir kval, sel og pingvin. Vi har følgd ein gigantsverm i over eit døger. Om vi skal prøve å synleggjere storleiken for dine auge, så tenk deg ein sverm som strekkjer seg mellom fjella i Bergensdalen frå Fjøsanger til Nordnes. Og den fyller dalen godt opp langs fjellsida til Fløyen (svermane er gjerne 100 meter djupe). Kanskje litt overdrive, men storleiksorden er rett. Så her er det nok å ta av både for folk og dyr.

Den forunderlege krillen

Ein ting har vi lært; dette er eit lite dyr med forunderlege eigenskapar. Svermar og åtferd endrar seg i rekordfart, og spørsmåla er mange: For det første, korleis er det mogeleg for eit slikt lite dyr å organisere seg i så store, vel avgrensa svermar? Kva er det som plutseleg får dei til å splitte seg opp i småsvermar og over i slør? Korleis kan dei forsvinne frå våre instrument ein dag, for så å oppstå med nye rekordstore tettleikar dagen etter? Her treng vi svar for å kunne tilfredsstille kravet til ”Feedback Manangement”(hausting med tilbakeverknad) som vi skreiv om tidlegare. Vi trur vi har fått samla ein del nøkkeldata som kan kaste lys over problemstillingane, og ser fram til å analysere dei.

Hjarteforma krillsverm

"Heart attack": ein hjarteforma krillsverm med eit predatorangrep som ”pila i hjarta”.
 

Hjarteattak frå krillsverm

Av og til får vi oppmuntringar frå djupet. Siste døgeret har vore ein stor stimulans i så måte. Vi fekk også eit svært spesielt ekkogram presentert på skjermen, som vi tok som ei kjærleikshelsing frå djupet. Det hjarteforma ekkogrammet på biletet er ein tett sverm av krill. Den svarte/blå streken som går loddrett ned mot hjartet er ein predator (sel, kval eller pingvin) på jakt etter mat. Innsvinget på toppen, som gjer at ekkogrammet ser ut som eit hjarte, er truleg eit mottiltak frå svermen; ein reaksjon på angrepet. Ein kollega såg dette frå ei litt anna side, og kalla biletet ”Heart attack”!