Hopp til hovedteksten
Kval som beitar i Antarktis
Store mengder kval vandrar hit for å beite på dei store og tette krillsvermane.
Foto: Skjermdump av kvalvideo
Utskriftsvennlig versjon

Deler matfat med kval

31. januar 2016: Visste du at biomassen av antarktisk krill er i same storleiksorden som biomassen av alle menneske på jorda? Det er ein enorm ressurs vi snakkar om, men uttaket  (ca. 300 000 tonn) er mindre enn rundt ein prosent av biomassen. Kvifor då bry seg med ressursforsking på denne arten?

Vi er i eit krilldominert økosystem. Dei fleste artane her er avhengig av krillen for å overleve i ei barsk konkurranseverd. CCAMLR (Commission for the Concervation of Marine Antarctic Life) har som mål å forvalte økosystema i Antarktis berekraftig. Det betyr at det ikkje er krill vi eigentleg konsentrerer  oss om, men korleis dei sårbare artane som er avhengige av krill kan bli negativt påverka av krillhaustinga.  

Mat til store mengder kval

Mest sårbare er landbaserte predatorar som pingvin og sel. Dei føder sine avkom i den antarktiske sommaren, og må finne mat rett utfor ”stovedøra” elles svelt ungane ihel. Over ein evolusjonær tidsskala har derfor desse artane konsentrert sine ynglekoloniar i dei områda som har høgst sannsyn for å gi god mattilgong, det vil seie krill rett utfor ”stovedøra”. Sør-Orknøyane er eit slikt område. Her konsentrerer krillen seg i eventyrlege mengder og gir føde for alle som er interesserte. Pingvin og sel har stor ynglekoloniar fleire stadar på desse øyane og reiser på daglege turar ut for å hente mat til sine små i dei hektiske sommarmånadane. Og her er også nok mat til store mengder kval som vandrar hit for å beite. Det er ei oppleving av dei sjeldne å sjå på nært hald den store aktiviteten av beiting over krillsvermane (sjå video av Rokas Kubilius).

Måler overlevingssuksessen

Det ser ikkje ut til at dei ulike artane har noko i mot innblanding i matfatet av andre artar. Dei ser heller ikkje ut til å bry seg særleg med at menneske med sine trålar også har meldt si interesse for dette matfatet. Tvert imot kan ein få inntrykk av at i alle fall pingvin konsentrerer seg rundt båtar på feltet og vi ser stadig dykkande pingvin på ekkolodda våre. For alle gjeld same sak: der tettleiken er størst, er det enklast å få god fangst. Spørsmålet vert difor: Er det grunn til å tru at uttaket av krill i lokal skala kan skade mattilgongen for dei landbaserte predatorane? I så fall vi CCAMLR stoppe fisket. Ein av koloniane til dei landbaserte predatorane ligg nær dei tradisjonelle fiskefelta og det er ein overlapp mellom fiske og jaktande predatorar. Dei andre har lite eller ingen kontakt med fiskefelta. Vi har derfor ein ideell situasjon der vi kan sjå om det er forskjell i overlevingssuksessen i dei ulike koloniane, og om denne suksessen har samanhang med fiske. Det vi finn ut kan få stor betydning for korleis krillindustrien må tilpasse fangststrategien sin.
 

Studerer hotspots frå mange hald 

Datainnsamlinga vår kan delast i tre: 1) Vi merker sel og pingvinar på land for å sjå korleis dei overlappar med det kommersielle fisket. Dette arbeidet er det Polarinstituttet som syter for frå norsk side. 2) Vi set ut instrumentert undervassbøyer på faste lokalitetar. Desse instrumenta målar straum og tettleik av biomasse frå fleire hundre meter til overflata over lang tid. Nokre har også hydrofonar som kan gjere opptak av av kvalen sine sonarsignal. Desse signala vert brukt både til å finne krill og til å kommunisere med artsfrendar. 3) Vi brukar forskingsfarty og fiskefarty til å samle inn data som kan fortelje oss om geografisk fordeling og mengde av krill på dette viktige økologiske knutepunktet, og korleis desse eigenskapane er påverka av dei fysiske tilhøva (temperatur, salt og straum). Alle slik økologiske knutepunkt (hotspots) er kompliserte å studere fordi dei er så dynamiske. Derfor er det så viktig at vi er i stand til å sette inn internasjonal innsats og kompetanse over tid slik at problemstillingane vert dekke både med fagleg breidde og med datainnsamlingar av stort nok omfang.

Instrumentbøye

Bøya er sett ut i ei lita bukt, der ho er "auge og øyrer" for forskarane.

Bøyene ser og høyrer for oss

Dei siste dagane har vi i tillegg til å detaljdekka eit viktig krillområde, også sett ut to instrumentbøyer (bilde). Dei står på kvar si side i ei lita undervassbukt. I denne bukta står det ofte krill. Medan dataene vi samlar inn frå båtar gir oss informasjon om geografisk spreiing av krill og eventuelle samanhangar med det fysiske miljøet, så vil desse bøyene gi oss innsikt i sann tidsvariasjon på alle skalaer frå sekund til heile årssyklusen. Slike bøyer er våre auge og øyre når vi sjølve ikkje er tilstades og gir ny innsikt i korleis økosystemet fungerer. Det er alltid fare med slike operasjonar. Vil bøya kome til overflata igjen som planlagt? Å misse ei slik bøye representerer eit økonomisk tap, men det største tapet er informasjonen som ei slike bøye har samla inn kanskje over eit heilt år.

Akkurat no berre vonar vi på betre vêr. Vi har vore plaga med ein kuling som har hindra noko av arbeidet, men meldingane seier det vert betre til veka. Dei siste dataene våre frå i dag tyder på at vêret har endra fordelinga av krill. Det vert spandande å følgje denne utviklinga vidare.

 

Sjå filmopptak frå toktet: