Hopp til hovedteksten
På veg til Orcadas-basen
Dei heldige får ein tur på land med mann-overbord-båten og får sette fot på fast fjell.
Utskriftsvennlig versjon

Krill og kalibrering

26. januar 2016: På overfarta frå Falkland til Sør-Orknøyane har vi nytta tida til å sette oss inn i det som ventar. Vi testar utstyr, gjennomgår rutinar og kalibrerer utallege gonger.

Og plutseleg var krillen der. Den slo imot som ei orange eldkule på ekkogrammet idet Korona analyserte data frå siste natt. På veg mot vår kalibreringslokalitet i Scotiabukta passerer vi også to norske båtar; «Saga Sea» og «Antarctic Sea».

Akustiske målingar av krill    

Så ligg vi her mellom isfjell og pingvinar. Kvalen såg vi lenger ute. Mot land ser vi mot den argentinske Orcadas-basen (https://en.wikipedia.org/wiki/Orcadas_Base). Dei heldige får ein tur på land med mann-overbord-båten, og får sette fot på fast fjell før det oppsette forskingsprogrammet startar på rett.

Orcadas-basen

Toktdeltakarar framfor Orcadas-basen.

Foto: Jose Seco

På overfarta frå Falkland til Sør-Orknøyane har vi nytta tida til å sette oss inn i det som ventar. Sikringsrutinar er gjennomgått, og rutinar for operasjon av trålar og nett er gjennomgått og testa. Frå før har ein gjennomgang av gamle data frå «G.O. Sars» i 2008 gitt oss eit grunnlag for å tolke akustiske registreringar. Rutinar for operasjon av Metas Stereo Camera er gjennomgått utallege gonger av kollega Rokas Kubilius. Han er endeleg nøgd med kalibreringa. Dette kamerasystemet kan gi oss storleik og åtferd til krill samtidig som vi måler den akustisk. Slik grunnleggande kunnskap manglar vi i dag, og med litt hell kan vi no bøte litt på dette kunnskapsholet.

Fått unna kalibrering av ekkolodd

Vi skal sette ut to riggar som BAS har skaffa seg. Dei innheld akustisk straummålar og det nye kompakte breibandsekkoloddet til Simrad. Havforskingsinstituttet har skaffa ein liknande rigg med ein ny sensor frå Nortek som både måler biomasse og straum. Om dette er vellukka vil det lette operasjonen av slike system og gjere dei rimlegare. Alle våre operasjonar er meir eller mindre vêravhengige. I dag har vi hatt ein fantastisk dag med havblikk, og har fått gjort unna kalibrering av både dei fast installerte ekkolodda og dei to Simrad-ekkolodda som skal brukast på riggar.

Forholdet mellom krill, pingvinar og sel

Toktet er lagt opp i tre fasar: storskala, mesoskala og småskala dekking av krillfordelinga rundt Sør-Orknøyane. Storskala dekking skal gi oss oversikt. Mesoskala dekking vil gi ei forståing av drivkreftene som verkar på fordelinga, medan småskala dekking skal gi betre forståing av dynamikken i krillsvermane, korleis den er påverka av miljøet og kva det betyr for vår mengdemåling.
I feltarbeidet vil vi samstundes samanlikne resultata våre med fordelingsdata frå merkt pingvin og sel. Då kan vi bygge eit større bilete av interaksjonen mellom predatorar og bytedyr og korleis dette økosystemet verkar. Dette arbeidet er ikkje nytt av året, men følgjer ein langsiktig strategi lagt av CCAMLR (Commission for the Consevation of Antarctic Marine Living Resources) og blir følgt opp av alle medlemsland som har feltaktivitet på krill.  

Dersom du er interessert i fleire detaljar om toktet, så finn du det dokumentert på BAS sin blogg: www.bas.ac.uk/project/krill-hotspots. Sjå spesielt under ’Daily news’.