Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Vitskaplege metodar

For å få eit overblikk over kor mykje blåkveite og annan botnfisk det finst, brukar vi blant anna mengdedata frå fangstar med botntrål. Maskevidda i trålposen er 22 mm (strekt maske) slik at vi kan fange småfisk. 

Ved å ta utgangspunkt i avstanden trålen har blitt taua på kvar stasjon, og breidda trålen har fiska eller sveipt over, får vi eit flatemål som fangsten er tatt på, det såkalla ”swept area”. Dette arealet og talet på fisk i fangsten seier oss noko om tettleiken av fisk i området.

Fangsten tatt på fleire stasjonar blir summert til eit mål (indeks) på fisketettleiken i kvart delområde eller i heile dekningsområdet. Indeksane blir fordelt på lengde- og aldersgrupper etter ein alderslengdenøkkel, basert på aldersavlesing av fisken sine såkalla øyresteinar (otolittar).

For å få ein indeks på utbreiing og tettleik av yngel som lever pelagisk oppe i sjøen, vil det under toktet bli nytta flytetrål – ein loddetrål (Harstadtrål) med finmaska tobispose (8 mm strekt maske).