Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Bakgrunn

Bli med på tokt!

Korleis kan forskarane eigentleg vite kor mykje fisk det er i havet? Kva gjer dei for å finne ut kor mykje blåkveite eller torsk vi kan fiske til neste år? Bli med på forskingstokt til Svalbard og finn det ut!

På denne websida tek vi deg med nord og aust for Svalbard, med daglege reportasjar frå eit forskingstokt som går frå 1.–16. september. Her skal vi sjekke kor mykje blåkveite og reke det er i området ved å ta prøver med ein bunntrål. Denne kartlegginga dannar grunnlaget for seinare forsking, som igjen fører fram til våre råd om kor store fiskekvotane bør vere.

Andre oppgåver
Under dette årvisse toktet er det også vanleg å ta hydrografiske målingar, som vasstemperatur og saltinnhald. Vi skal også tråle saman med eit russisk forskingsfartøy eit par dagar, i den russiske sona. I tillegg skal vi prøve å finne sjeldne fiskar! Desse skal fraktast til akvariet Polaria i Tromsø og Bergen museums naturhistoriske samlingar.

Mange tokt
Havforskingsinstituttet eig fire forskingsfartøy, og har ansvaret for drifta av to til. Kvart einaste år er desse båtane ute på tokt i nesten 2000 døgn til saman! Forskingsfartøya er våre viktigaste reiskap for innsamling av data innan ressurs og miljø.

Skriv inn spørsmål!
Har du spørsmål til toktet eller nokon av toktdeltakarane? Vil du vite kva vi gjer om bord? Korleis vi finn alderen på fisken? Lurer du på korleis fiskelukka har vore? Eller kanskje om vi ser isbjørnar frå båten? Vi blir veldig glade om du sender oss spørsmåla dine, så skal vi svare så godt vi kan!

Gå til lenka Kontakt oss! for å finne e-postadresser og telefonnummer.