Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Vi pakkar og fer

Måndag 1. september
Fiskebøker, elektroniske målebrett og sjøstøvlar blir pakka i boksar og sendt nordover, snart startar toktet! Vi skal mønstre på i Longyearbyen og setje kursen nordover, og prøve å finne ut kor mykje blåkveite og reke det er i området. Dette blir spennande…

 Måndag 1. september


Toktleiar Harald Larsen gjer seg klar. Foto: Monika von Minden.

Fiskebøker, elektroniske målebrett og sjøstøvlar blir pakka i boksar og sendt nordover, snart startar toktet! Vi skal mønstre på i Longyearbyen og setje kursen nordover, og prøve å finne ut kor mykje blåkveite og reke det er i området. Dette blir spennande…

Monika von Minden

Sjølv veit eg ikkje heilt kva eg går til, har aldri vore på tokt før. Så dette kjem til å bli lærerikt! Utanom mannskap og teknisk personell er vi fem personar frå Havforskingsinstituttet som skal vere med. Harald Larsen er toktleiar, og har det faglege ansvaret om bord. Han skal lære meg korleis eg tek prøver av fisken, korleis eg finn ut kva kjønn reka har og korleis dette skal registrerast. Vi skal også ta vassprøver for seinare analyse. Gjennom daglege reportasjar her på denne websida skal eg prøve å fortelje meir om dette arbeidet.

Heile Svalbardområdet
Dette toktet som går frå 1.–16. september skal dekkje områda nord og aust av Svalbard. I vekene forut for dette har våre folk også undersøkt fiske- og rekeførekomstane i området frå Bjørnøya til Flata, slik at vi til saman dekkjer heile Svalbard-området. Frå den første delen av undersøkingane har vi fått følgjande oppsummering av ein av toktdeltakarane om bord:

"Toktet vi gjennomførte har gått relativt greit. I tillegg til de vanlige stasjonene har vi hatt en del forsøk med undervannsfilming og undervannsfotografering. Helt mot slutten fikk vi problemer med det elektroniske målebrettet, som vi er helt avhengig av. I tillegg har det vært problemer med BEI (Bergen Ekko Integrator), som brukes for å analysere fiskemengden ved hjelp av ekkolodd. For å få orden på BEI vil det bli sendt opp en person fra Instrumentseksjonen vår i Bergen som skal se på utstyret. I tillegg vil vi få sendt opp et ekstra elektronisk målebrett, for å være på den sikre siden."

'Jan Mayen' i Adventfjorden. Arkivfoto.