Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Trålen går

Onsdag 3. september
Endeleg er vi i gang! Trålposen er full av rare dyr eg aldri har sett før i det innhaldet blir tømt ut over arbeidsbordet. Vi er utstyrte med oljebukseog gummihanskar, rusta til kamp. Her skal det forskast! Dersom bølgjene og magen roar seg, då...

Arkivfoto: Thomas de Lange Wenneck.

Onsdag 3. september

Endeleg er vi i gang! Trålposen er full av rare dyr eg aldri har sett før i det innhaldet blir tømt ut over arbeidsbordet. Vi er utstyrte med oljebukseog gummihanskar, rusta til kamp. Her skal det forskast! Dersom bølgjene og magen roar seg, då...

Monika von Minden

Vi har delt oss inn i to skift med seks timar på og seks timar av, arbeidet går døgnet rundt. Eg prøvar å få meg litt søvn mellom slaga, og begynner så smått å bli fortruleg med den uvante rytmen. Magen, derimot... Lurar i meg ein reisesjuketablett i smug, og prøvar å verke sånn nokolunde uanfekta.

Pelagisk tråling
Den første prøvefangsten under toktet vart tatt i natt, då tråla vi etter pelagiske artar på 20-30 meters djupne. Dette gjer vi først og fremst for å finne ut kor langt nord yngel av hyse og torsk går. I fangsten fekk vi både sild, torsk, blåkveite, hyse, gapeflyndre, krokulke, lodde, uer og krill. Toktleiar Harald er overraska over at vi fann torsk- og hyseyngel så langt nord, men forklarar det med høge vasstemperaturar.

Sjeldne fiskar
Den første botntrålen vi skaut av (fiskarspråk for å setje ut trål), vart slept etter båten ein halvtime då den hadde nådd botn på 800 meters djupne. Det rutinerte mannskapet manøvrerte fangsten ned i lasterommet og vidare inn på fiskelaboratoriet. Der stod vi og sorterte fiskeartar så det skvatt rundt veggane. Lasta skjulte sjeldne skattar som havålebrosme, isskate og noko vi trur er kortfinneringbuk. Desse tre artane skal Universitetet i Bergen få når vi kjem heim, for endeleg artsbestemming.

Har vi fanga ei isskate? Det skal Universitetet i Bergen sjekke når vi kjem heim. Arkivfoto: Thomas de Lange Wenneck.
Les meir om isskata på FishBase


Elektronisk målebrett
Trålposen var full av andre fiskeslag også, som sølvtangbrosme, paddeulke, krokulke, bandålebrosme, tiarma blekksprut, bleik ålebrosme, polartorsk, glasreke, blåkveite, kloskate, blomsterreke, nordleg ringbuk og panserreke. Dei sistnemnde vart snadder på kveldsbordet.

Alle artane blir registrerte på eit elektronisk målebrett, der det på førehand er spesifisert 100 ulike artar. Eg får opplæring i bruk av målebrettet, og etter ein famlande start blir eg snart varm i trøya. Alt blir mål i vekt og lengde, nokre blir talde. Blåkveita er vi spesielt opptatt av på dette toktet, så den blir dissekert for å avgjere kjønn. Også rekene blir kjønnsbestemt.

Dei gode historiene
Vi svarar jo på spørsmål frå publikum under toktet, og eg blir sjarmert av at det første spørsmålet vi får, kjem frå bror min. Han spør om reker, noko som får Ivan til å mimre om den gangen dei hadde ein godtruandes kar om bord som skulle lære å sortere reker etter kjønn. I utgangspunktet eit avansert arbeid med sju moglege stadie, men stakkaren fekk beskjed om at det var berre å lukte på reka for å finne svaret. Det vart visst baluba då toktleiaren kom og fekk sjå han sitte der og sniffe reker!

Skiftet mitt er over, det er tid for ein matbit før eg set kurs for lugaren. Dei mjuke bølgjene er blitt min venn og voggar meg varsamt i søvn. Kven veit - kanskje er det håp for ein landkrabbe likevel?