Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Skreien kjem

Fredag 12. september
Noko stort ligg i sjakta og sperrar vegen for dei små, søte polartorskane og den sølvblanke lodda. Sjølv ikkje rekene klarar å smette forbi. Eg legg nasen mot ruta i fiskelaboratoriet og myser ut mot transportbandet. Sjå der, ja... Desse har vi ikkje sett før på toktet! Stor og fin ligg skreien der, dette kan det vel lukte middagar av?

Fredag 12. september

Noko stort ligg i sjakta og sperrar vegen for dei små, søte polartorskane og den sølvblanke lodda. Sjølv ikkje rekene klarar å smette forbi. Eg legg nasen mot ruta i fiskelaboratoriet og myser ut mot transportbandet. Sjå der, ja... Desse har vi ikkje sett før på toktet! Stor og fin ligg skreien der, dette kan det vel lukte middagar av?

Monika von Minden

Klar, og... Action! Bente kjem fnisande rundt hjørnet frå kjøkkenet med armane fulle av dagens hovudrett; eit stort serveringsfat fullt av alskens salte kjøtvariantar. Eg ligg på hovudet halvvegs over serveringsdisken og filmar. Nei, vent! ropar eg, du må ta det ein gang til! Seks svoltne karar sukkar tungt og trugar med å hive både meg og kameraet over bord. OK, OK, siste gang no... Eg bergar livet. Ein av mannskapet klagar, lurar på kvar raspeballane blir av? Han veit like godt som eg at denne stuerten nektar å lage ball. Bente avvergar; det blir ikkje andre ballar enn dei de har sjølv!

Star Wars
Vi har mista midnattssola no, på berre få dagar har det vore ei voldsam endring i lyset. Vi er komne søraust for Kong Karls land, og ligg og trålar på Storbanken. Utpå kvelden kjem mørket sigande før det til slutt legg seg som eit teppe over båten. Men framleis er det isflak der ute... Redninga ligg i 2 gangar 1000 watt. Dei to intense, smale lysstrålane skjær gjennom mørket frå kvar si side av styrehustaket, ut mot leia. Når kapteinen sveipar dei kraftige, blåaktige lysstavane mot nattehimmelen er eg brått i Star Wars-land. Obi-Wan Kenobi, may the force be with you! Kapteinen får meg fort ned att på bakken. Forklaringa er enkel: det blå skjæret i lyskastarane gjer det enklare å sjå isen som måtte ligge framfor oss. Også radaren er til hjelp; fleire store isflak dukkar opp i områda rundt båten. Vi styrer unna.

Klar melding


Sonden brukast til å finne temperatur, saltinnhald og klorofyll i vatnet. Arkivfoto.
Båten slakkar av, vi er på neste stasjon. Mannskapet heisar ut den store sonden vi tek vassprøver med, og ventar på signal frå Ivan. Han sit i instrumentrommet og startar dataregistreringa, og gir beskjed over walkietalkie om å senke sonden. På skjermen kan Ivan lese av temperatur, saltinnhald og klorofyll i vatnet etterkvart som sonden går nedover djupet. Etterpå skal trålen skytast av, kapteinen står klar ved vinsjkontrollen på brua. Så startar ein godt innøvd dans mellom kaptein og mannskap. Han dreg i spakane, dei spring rundt og får trål og kjettingar på plass. Men kvifor er det tomme dorullar over halvparten av spakane med "Inge, ikkje rør!" i feite, raude bokstavar? Kapteinen smiler; er nok mynta på styrmannen på det andre skiftet. Han tok visst feil av spakane ein gang... Så mannskapet ordna opp!

Torsk eller skrei?
Fangsten kjem opp, og no ligg altså 55 kilo stor, fin skrei på sorteringsbordet vårt. Det er ikkje enkelt å skilje skreien frå kysttorsken, dei er ganske like. Det sikraste teiknet er faktisk å ta ut øyresteinane på fisken; skreien sine er meir ujamn i kantane enn kysttorskens. Men her i Barentshavet er det skreien som rår, så den saka er grei. Dette er den reinaste fisken, forklarar Willy, i motsetning til kysttorsken som held seg i fjordane og er meir utsett for kveis. Ikkje har den deilige svalbardreker å beite på heller, noko som gjer skreien ekstra god i kjøtet. Harald kastar seg over fileteringa. Han skal ikkje ha noko sjølv, men ber oss pakke i posar og fryse ned det vi vil ha. Så Ralph, du får gjere plass i frysaren til eg kjem heim!