Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Rekekrøll

Torsdag 4. september
Er du klar over at det finst i alle fall 5-6 ulike reketypar her nord ved iskanten? Og at det kan vere uhyre vanskeleg å skilje dei frå kvarandre? Diskusjonane går høgt i laboratoriet medan bøker og teikningar flyr mellom forskarane. Her må vi vere hundre prosent sikre!

Torsdag 4. september

Er du klar over at det finst i alle fall 5-6 ulike reketypar her nord ved iskanten? Og at det kan vere uhyre vanskeleg å skilje dei frå kvarandre? Diskusjonane går høgt i laboratoriet medan bøker og teikningar flyr mellom forskarane. Her må vi vere hundre prosent sikre!

Monika von Minden

Det er tidleg morgon. Eg får med meg diskusjonen litt sånn i tåkeheimen medan eg halvt gjespande spør Eilert om ikkje dette er ei sild. Nei, vi får då inderleg ikkje håpe det, svarar han med vantru og ser rart på meg, dette er kolmule! Jaudå... kor vart det av den kaffikoppen?


Kolmule (øvst) og sild (nedst). Jau då, når ein ser dei ved sidan av kvarandre er det jo lett å sjå forskjel... Arkivfoto: Thomas de Lange Wenneck.

Fotobevis
Det er ikkje berre reka som skapar problem om bord. Også ålebrosmar og ringbukar kjem i så mange variantar at det blir vanskeleg å avgjere arten. Dei kan sjå dønn like ut, men likevel ha små variasjonar i slikt som farge, mønster, skjel og strålefinnar. Til slutt må det fotobevis til på målstreken, nokre prøver skal også til land for endeleg artsbestemming der. Det blir spesielt viktig å vere pinleg nøyaktig i dette arbeidet når Havforskingsinstituttet frå neste år fokuserer på økosystema i dei ulike havområda.


Merkeleg fenomen
Harald er forundra over at vi finn så mange ulike artar her nord. Vanlegvis er det i varmare strøk med høgare vasstemperaturar at artane blomstrar, i tropiske strøk finst det tusenvis av fiske- og rekeslag. Når vi kjem til Nordsjøen, er det straks færre artar å finne. Men langt her oppe, i det iskalde nord, tek det seg altså opp igjen, med mange variantar av enkelte artar. Vi veit enno ikkje heilt kvifor det er slik. Etterkvart kan forskinga kanskje gje svar på det?

Spesialoppdrag
Thomas har ikkje gløymt tilleggsoppgåva si; å ta med heim sjeldne fiskar til ein 2. klasse ved Hjellestad skole i Bergen. Der er mora hans lærar. Når vi er ferdige med å vege og måle alt vi fekk i fangsten, plukkar han med seg panserreke, paddeulke og isskate til elevane. Meir skal det bli etterkvart som toktet går. Også Eilert er på hogget, hans tilleggsoppgåve er å finne ut kor langt nord polartorsken og lodda går, som førebuing til eit seinare tokt. Han tek også prøver av dei, og må fram med kniven for å finne alder og kjønn. Alderen les vi av på otolittane (øyresteinane) til fisken, akkurat som vi les årringar i eit tre.

Klippe, klippe...
Vi er ferdige med denne fangsten og går lenger nordover, til neste trålstasjon. Eg får av meg oljebuksa og legg hanskane frå meg. Kjem i snakk med maskinsjefen om dagboka eg skriv frå toktet, og forklarar at dette kan familien hans heime lese på Internett. Det glimtar i auga når han med eit skeivt smil svarar at nei, Internett har dei ikkje lenger. Å, nei? seier eg spørjande. Nei, ungane sat altfor lenge ved maskina, hadde ikkje respekt når han sa frå. Så han fann saksa og klipte av i begge endar, klipte leidningen på midten også for å vere på den sikre sida. Ferdig med det.