Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Lår livbåten

Tysdag 2. september
Denne dagen vart ikkje heilt sånn som eg hadde tenkt… Det starta med at gyroen braut saman, eit slags kompass som autopiloten styrer etter. Dermed vart avgangen frå Longyearbyen utsett i påvente av reparatør frå Bergen og tekniske delar frå Oslo. Neste morgon var kaoset i gang…

Tysdag 2. september

Denne dagen vart ikkje heilt sånn som eg hadde tenkt… Det starta med at gyroen braut saman, eit slags kompass som autopiloten styrer etter. Dermed vart avgangen frå Longyearbyen utsett i påvente av reparatør frå Bergen og tekniske delar frå Oslo. Neste morgon var kaoset i gang…

Monika von Minden

Det var sjølvsagt kjedeleg at toktet måtte utsetjast eit døgn, men å få med seg ein kveld i Longyearbyen er jo heller ikkje dumt. Så vi loffa innover frå kaia mot Kroa, ein koseleg møteplass og bar med jakthytte som innreiingstema. Klokka går fort slike kveldar, men vi skulle jo ikkje gå før utpå ettermiddagen neste dag…

Klokka 7.30 sprakar det i høgtalaranlegget; ”God morgon, no er frukosten servert!” Må ha sovna på igjen, for 8.15 kjem stemmen tilbake: ”No må de komme! Det blir redningsøving etterpå!” Oops, best å komme seg opp… skal til å hoppe i dusjen då tredje melding tordnar over anlegget: ”Redningsøving om fem minutt, oppmøte på dekk!” OK, dropp dusjen, her er det berre å komme seg av garde!

Røykdykkarar hit!
Mannskapet har fått livbåten på sjøen, og køyrer ei testrunde for å sjekke at alt fungerer som det skal. Samtidig blir ein utstoppa kjeledress lagt som markør nær byssa. Brannalarmen går, og to av mannskapet hoppar i røykdykkardraktene. Med oksygenflasker på ryggen leitar dei tungt pustande etter den sakna, og etter kort tid blir markeringsdukka funnen. Når dei tek den i nakken og slepar den etter seg, er eg glad for at det ikkje var meg…

Medan mannskapet får debriefing etter ei vellykka redningsøving, skal vi nykommarane få ei grundig omvising om bord. Dersom ulykka skulle vere ute (bank i bordet), er det greitt å vite kor utgangar og redningsdrakter befinn seg. Betryggande med ein slik gjennomgang før vi skal gje oss i kast med bøljan blå i 15 forskingsfulle dagar!