Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Kvardagsliv

Tysdag 9. september
Eg sit på brua og ser utover skummande hav. Vinden uler tungt gjennom vindusglipa, båten slingrar seg frametter leia. Det bles opp. Vêrvarselet tikkar inn, kapteinen les meldinga med sedvanleg stoisk ro. Ingen fare. Langt der framme lysnar det i ei smal, gylden stripe over fjellkjeda. Eg slappar av, og let bølgjene danse seg veg.

Tysdag 9. september

Eg sit på brua og ser utover skummande hav. Vinden uler tungt gjennom vindusglipa, båten slingrar seg frametter leia. Det bles opp. Vêrvarselet tikkar inn, kapteinen les meldinga med sedvanleg stoisk ro. Ingen fare. Langt der framme lysnar det i ei smal, gylden stripe over fjellkjeda. Eg slappar av, og let bølgjene danse seg veg.

Monika von Minden


Fiskelaben. Arkivfoto: Thomas de Lange Wenneck.
Skjønte ingenting då eg vakna denne morgonen. Heilt av meg sjølv. Ein time for seint... Ingen fresing frå callinganlegget, ingen iltre telefonring, ingen hamring på lugardøra. Kva skjer? Burde eg bli glad for å få sove litt ekstra, eller fornærma over at ingen oppdaga mitt blide fråver ved frukostbordet? Etter å ha hjelpt skiftet mitt inne på fiskelaben går eg opp i messa. Stuerten er i alle fall fornøgd med meg. Han seier at den som søv godt, trivest om bord. Det trur eg var eit kompliment.

Metodekrøll


Elektronisk målebrett. Arkivfoto: Thomas de Lange Wenneck.
Eg høyrer høge stemmer frå instrumentrommet, der vi sit og jobbar når vi ikkje er i fiskelaben og registrerer fangst. Harald og Eilert har funne nokre feil i registreringsskjemaet for fisk, og er usamde om grunnen. Skjemaet er omfattande, og inneheld blant anna opplysningar om fangst, stasjonsnummer, fiskedjup og tråletidspunkt. Fiskanes vekt og lengde registrerer vi på eit elektronisk målebrett i fiskelaben, dette brettet er kopla til eit datasystem med informasjon om kvar fiskeart. Dersom det ikkje kan vere samsvar mellom vekt, lengde og alder på fiskane som er registrert, må vi finne grunnen til det. Karane finn ut av det til slutt, og roen senkar seg. Må smile litt for meg sjølv av det sterke engasjementet.

Gutta i røyken
Monika, no må du ta deg ein pause og gå og sjå på gutta boys, smiler Thomas. Eg blir nysgjerrig, og legg frå meg hanskane. Vi er nettopp ferdige med å registrere ein fangst full av reker. Når eg rundar hjørnet på 2. dekk, ser eg berre tjukke stimen frå kokekaret som ein av mannskapet rører i. Dampen skjuler to andre som står ved bordet og sorterer. Det bryggar opp til rekekalas! Mannskapet om bord står på, og syter for at båt, vassprøver og trål fungerer som det skal. Den lune gjengen er fin å jobbe med, stemninga er god. Sjenerøst let dei vere å kommentere denne førstereisjentas nybegynnarfeil og rare spørsmål. Vi er godt halvvegs i toktet no, har vore på reis i halvanna veke. Tenkjer stadig oftare på dei heime, får høyre at guten min på to har begynt å susse på bilete av meg... godt er det!

Knoll og Tott
Eg tek meg ein tur opp på brua, der alle er velkomne til å nyte storslagen utsikt og slå av ein prat med skipper eller styrmann, alt etter kven som står ved roret. Det er stadig nye Knoll og Tott-historier å høyre, maskinsjefen humrar når han fortel om den gangen to karar delte lugar om bord. Dei hadde gløymt å lukke ventilen, så lugaren vart fylt med vatn opp til ankels høgde. Dette skulle dei ordne opp i, og henta seg eit digert kar å ause vatnet oppi. Det var faktisk så stort at dei måtte kvelve det over på sida for å få det inn på lugaren. Jaudå, karane ausa for livet, men fekk seg eit lite problem då dei skulle få karet med innhald ut igjen derifrå...