Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Kongen av arktis

Torsdag 11. september
Sju mann står på brua med auga nagla til same punktet der framme. Sakte, sakte glir vi nærare medan knasande isflak bøyer av for baugen. Der... Framleis berre ein gulkvit bylt på drivisen. Nei, vent... To byltar, der var ein til! Den minste lear på seg - løftar snuten i veret og vender seg sakte mot oss - vi er oppdaga.


Arkivfoto: Thomas de Lange Wenneck

Torsdag 11. september

Sju mann står på brua med auga nagla til same punktet der framme. Sakte, sakte glir vi nærare medan knasande isflak bøyer av for baugen. Der... Framleis berre ein gulkvit bylt på drivisen. Nei, vent... To byltar, der var ein til! Den minste lear på seg - løftar snuten i veret og vender seg sakte mot oss - vi er oppdaga.

Monika von Minden

I løpet av natta har vi kome oss nordaust for Kong Karls land, og køyrer gjennom breie belte av tett, tjukk drivis. Vi er på veg til neste stasjon, dersom vi då klarar å nå den. Men for ein bonus vi får i fanget... Eg tilgir fullstendig den som vekte meg ekstra tidleg denne morgonen, berre fire timar etter at eg gjekk av vakt. For eit syn! 

Nysgjerrig leik
Det er minstemann som først blir var oss, Willy trur ungen må vere eit par år gamal. Den svirrar litt rundt på isen før dovne hopp frå isflak til isflak tek den stadig nærare båten. Vi har nesten stoppa heilt opp no. Ventar spent på om bjørnen vil tore seg heilt bort, delar broderleg men utålmodig på nokre få kikertar, sloss litt om plassen i vindusglipa for å få best mogleg filmvinkel. Snart er den ganske nær, tuslar rundt på styrbord side med stadige sniff opp i lufta mot oss. Vi går ut på øvre dekk, isbjørnen er skikkeleg nysgjerrig, videokameraa rullar. Herleg skapning. I det ungen rundar baugen mot babord side, vaknar den andre isbjørnen til liv. Binna  må vere mora, ein god rugg med svære slagføter som dorskt set den massive kroppen i rørsle. Mot oss. Eg spring ned på baugen med kameraet i handa, oppspilt i kroppen, dette er jo heilt utruleg... Rett framom meg går dei to bjørnane kvarandre i møte, tek ein liten runddans på isen etter først å ha helst på kvarandre snute mot snute. Ungen ristar av seg leiken og stryk tett inntil båtsida der drivisen gjer det enkelt å ta seg fram. Mora tek det meir med ro, legg seg ned på isen og studerer oss, heile tida med ungen under oppsikt. Fantastisk.

Isbjørnens rike


Vi ser ringsel overalt rundt båten. Dette er ein unge. Arkivfoto.
Det er her dei fleste isbjørnane på Svalbard held seg, her på austsida og vidare oppover nordsida av øyriket. Snart kjem dei drektige binnene ut hit til Kong Karls land og øyane rundt for å gå i hi. Rundt nyttår kjem fleire av desse fantastiske skapningane til verda, før mor og barn forlet hiet utpå vårparten. Det skulle vere nok av mat å forsyne seg med her, svære flokkar med ringselar ligg som mørke, flytande parti rett under vasskorpa alle vegar eg ser. Det er kanskje selane dei får ferten av, isbjørnane, i alle fall ser det mektige besøket ut til å vere over for denne gang. Vi får båten i rørsle igjen, pløyer oss sakte veg vidare gjennom isen til neste trålestasjon. Det er grunnare her, berre eit par hundre meter ned til botn, i følgje ekkoloddet. Så er det heller ikkje mykje blåkveite å finne i fangsten, men til gjengjeld får vi ei jamn, fin blanding av reke og lodde. Etter å ha målt lengde og vekt tek Eilert otolittprøver av lodda for å fastslå alder. Rekene blir lengdemålte med eit instrument som heiter skyvelær, etter først å ha blitt delt inn i grupper etter kjønn og stadie. Alt blir omhyggjeleg registrert og lagra.

Hard påkjenning
Det blir endeleg tid til ein dusj nede på lugaren på 2. dekk, har begynt å venje meg til den skrapande isen som er 30 stålbelagte millimeter unna å skrubbe meg på ryggen. Vel oppe i instrumentrommet igjen sovnar eg i den store skinnsofaen, det tek visst på å møte kongen av Arktis. Harald puslar rundt meg, slår av TV-en og sørgjer for ro og stille. Det blir ein god blund, det er godt å ha ein reservepappa for ei jente som er langt heimanfrå.