Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Isblokker i leia

Fredag 5. september
Vi møter isen tidleg i år, den pleier då ikkje ligge så langt sørover? Det skapar problem, vi blir nøydde til å droppe fleire trålstasjonar. Isen kan fort løyse seg opp igjen, i mellomtida køyrer vi sikksakk mellom stasjonane som er innan rekkevidde. Når vi dei siste også?


Arkivfoto frå Svalbardtoktet 2002. Får vi sjå isbjørn i år også? Foto: Thomas de Lange Wenneck.

Fredag 5. september

Vi møter isen tidleg i år, den pleier då ikkje ligge så langt sørover? Det skapar problem, vi blir nøydde til å droppe fleire trålstasjonar. Isen kan fort løyse seg opp igjen, i mellomtida køyrer vi sikksakk mellom stasjonane som er innan rekkevidde. Når vi dei siste også?

Monika von Minden

Ein dag med sørleg vind er alt som skal til, då fer isen nordover som ei kule, forklarar Willy og slår sjenerøst ut med armane. Dette har han vore med på før. Eg registrerer nesten ikkje kva han seier, høyrer berre knitrande, dump skraping i det isblokkene støyter mot baugen og stryk tungt langs sida. Titanic flagrar i bakhovudet medan eg febrilsk prøvar å fokusere på noko heilt anna. Kva er eit fiskestasjonsskjema, sa du?


CTD-målaren heisast. Arkivfoto: Thomas de Lange Wenneck.

Vassprøver frå djupet
Vi held oss rundt 80 grader Nord, og for kvar trålestasjon tek vi også vassprøver, eller såkalla CTD-målingar. Dei fortel oss kva temperaturar det er nedover djupet, og kor mykje salt og klorofyll det er i vatnet. Så langt har vi målt desse verdiane heilt ned til 1500 meters djupne ved hjelp av eit apparat vi senker ned i sjøen. Apparatet blir kalla sonde, og tek automatisk målingar på veg nedover. Vi ser på ekkoloddet kor djupt det er, og stoppar sonden rett over botn. Sidan vi gjer dette på nesten 100 faste plassar under toktet, får vi mykje verdifull informasjon som miljøforskarane våre på Havforskingsinstituttet får god bruk for. Endringar i temperaturane kan også verke inn på fiskebestandane, forklarar Harald.

Ein sjømanns gleder
Den gode lukta av nykokte Pandalus borealis brer om seg på 2. dekk. Når Bente på kjøkkenet blidt kallar oss til kveldsmat over høgtalaranlegget, står rekene sirleg dandert midt på bordet. Nam. Eilert kosar seg med all polartorsken som hamnar i fangsten, om enn ikkje på matbordet. Lykkeleg over å få polartorsk i nesten kvar ein fangst, kastar han seg med liv og lyst over arbeidet i laboratoriet. Der tek han prøver for å fastslå kjønn og alder, dei fleste er mellom eitt og fire år gamle. Isen er som blåst bort, bokstaveleg talt, no når vi ligg nærare land. Golfstraumen har også sitt å seie, isen forsvinn like brått som den kjem. Har jo omsider skjønt fordelen med isen: den roar sjøen! Magen min likar det, no klarar eg fint å lukte på halvkilos posen med bamsemums eg kjøpte i Longyearbyen.

Muntert vaktskifte
Møter neste skift ved middagsbordet; nattmat for oss, frukost for dei. Ivan, framleis litt søvntung, har fleire historier på lur. Lunt humrande fortel han om den gangen ein lettlurt fyr var med på tokt og skulle sløye blåkveite. Underlaget var glatt og fisken sleip, så stakkaren spurte dei andre korleis i helsike dette kunne gå til. Jau altså, det var ikkje noko problem, fekk han til svar, det var berre å kyle ein spikar gjennom fisken og ned i brettet, så kunne han sløye i veg. Jaudå, karen gjekk og fann seg hammar og spiker, men då han skulle til å korsfeste blåkveita klarte dei ikkje å halde fliren tilbake lenger...