Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Havets løyndomar

Laurdag 6. september
Han pratar så ulikt det ein vanlegvis forventar av ein forskar. Ikkje ser han ut som ein, heller. Auga blir store og stemmen ivrig når han entusiastisk legg ut om superraske, megatøffe og knallsøte fiskar medan stemme og kroppsspråk understrekar kvart ord han seier. No er akvarieleiaren ved Polaria i Tromsø på jakt.


Espen har funne krokulke som han vil ta med til Polaria. Arkivfoto: Thomas de Lange Wenneck.

Laurdag 6. september

Han pratar så ulikt det ein vanlegvis forventar av ein forskar. Ikkje ser han ut som ein, heller. Auga blir store og stemmen ivrig når han entusiastisk legg ut om superraske, megatøffe og knallsøte fiskar medan stemme og kroppsspråk understrekar kvart ord han seier. No er akvarieleiaren ved Polaria i Tromsø på jakt.

Monika von Minden

Det ligg sjøvatn og skvulpar i dørken på 2. dekk, farleg nær lugaren min. Bør eg bli bekymra? Eg skottar rundt meg. Ingen andre ser ut til å reagere... å ja, det er berre vasstankane til Espen! Han leitar etter sjeldne fiskar til Polaria, og samlar alskens raritetar i store vasstankar. Litt gjennomstrøyming av vatn held fiskane i live, og overskotsvatnet renn altså ut her på dørken. Godt med alt som kan forklarast...

Tøffe søtingar
Det gjekk litt tregt i starten, men no har samlinga begynt å ta seg opp. Han må vere pilande snar med å plukke ut godsakene i fiskehaugen på sorteringsbordet, og få dei i vasspøsa. Då har dei størst sjanse for å overleve. Det er hakket før han sjølv hoppar oppi karet når han skal sjekke om rognkjeks, tiskjegg, ålebrosmar, vortekjeks og krokulkar har det bra nedi der. Det er eit risikabelt prosjekt; først skal dei overleve trålinga, så skal dei klare flytransporten frå Longyearbyen til Tromsø etter endt tokt. Men, forklarar Espen, når dei endeleg har kome til akvariet, nektar dei søren meg å ete! Dei sveltestreikar, Espen tvangsfôrar. Espen vinn...

Båtens hjarte
Vi er komne nord om Svalbard, og sola bryt endeleg gjennom disen. Små isflak duvar roleg forbi medan fuglane stille glir over vassflata, på leit etter mat. Vi sit i instrumentrommet, sjølve hjartet om bord for oss frå Havforskingsinstituttet. På ekkoloddet ser vi kor langt ned mannskapet kan fire sonden for å ta vassprøver, og på ei anna maskin les vi av resultata. Her er også ein sonde for å registrere opninga på trålen, og på eit elektronisk kart kan vi følgje med på kvar båten går. Vi har også oversikt over ruta og trålestasjonane vi har dekka så langt. I tillegg har vi ein database som registrerer alle akustiske data, altså det som befinn seg mellom båten og havbotnen.


Otolittane er vakre - og viktige for å bestemme alderen på fisken.
Ekstreme utslag
Eilert er opphissa, han har oppdaga store forskjellar i vekst hos polartorsken. Når han plukkar ut otolittane (øyresteinane) på fisken, finn han alderen ved å telje årringane, akkurat som på eit tre. Det viser seg at ein 1-åring faktisk er hakket lenger enn ein 3-åring, slike ekstreme forskjellar i vekst har han ikkje sett før. Han trur det kan skuldast ulike oppvekstvilkår, med skilnadar i temperatur og mattilgang. Harald og Thomas har også fått seg nokre overraskingar, så langt har dei funne heile ni ulike rekeslag. Det har aldri skjedd før på dette toktet. Det kan vere fordi tidlegare forsking mest har konsentrert seg om kommersielle artar, som djupvassreka. No er prøver av alle artane frose ned for endeleg identifisering av ekspertar på land. Vi har også frose ned bøttevis med deilige, nykokte reker frå fangsten, men dei er ikkje tiltenkt jobben...