Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Haisommar

Onsdag 10. september
Isflaka er dekte av krystallrein snø der dei roleg duvar bortetter båtsida. Gyllent lys brer seg over horisonten og legg seg som eit teppe over vasskorpa. Ei morgonblid sol glitrar mot oss når vi kjem ut på dekk, påskestemninga er til å ta og føle på. Det lokkar fram andre skapningar også...

Onsdag 10. september

Monika von Minden


Det blei isbjørn på oss i år også! Arkivfoto: Thomas de Lange Wenneck.

Monika, no må du vakne! Det er isbjørn! Callingen slår seg av. Jaja, tenkjer eg, det har visst gått inflasjon i måtar å få meg opp på. Eg tuslar opp på brua, der står gjengen og skodar utover havet med kikert i handa. Men... det var jo ikkje falsk alarm likevel, jo! Eg grip ein kikert. Langt der borte ser eg isbjørnen symje bort til eit isflak, labbe over og dovent gli ut i vatnet igjen på den andre sida. Kult. Vi er i bamsefars rike.

Espen tek av
Kom, kom og sjå! Espen er i fistel, og dreg meg med bort til vasstankane der han har samla alskens rare fiskar og dyr. Desse skal han frakte til Polaria i Tromsø etter endt tokt. Ein diger, edderkoppliknande skapning ligg i vatnet og rører dovent på dei lange, spinkle beina. Den her er knalltøff, boblar ein sjølvlysande Espen. Har berre sett ein slik to gangar før i heile mitt liv! Fant den inne på sorteringsbordet etter at de var ferdige med fangsten. De hadde tenkt å kaste den! Han ler vantru mot meg med lysande auge, for liksom å understreke alvoret i situasjonen. Eg lovar høgtideleg å aldri nokosinne oversjå slike fantastiske, ekle skapningar igjen. Kors på halsen.

Uventa problem
Havet er dekka av isflak så langt auga kan sjå. Harald fortel at han ikkje har sett så mykje is her sidan han begynte å delta på desse tokta. Det er fire år sidan. Vi har no kome oss til austsida av Svalbard via Hinlopenstredet, etter at vi måtte snu på nordenden då isen stoppa oss. No prøvar vi å komme så langt nordover som mogleg frå austsida, men isen ligg framleis tjukk. Vi klarar ikkje eingang å komme oss opp til Kvitøya, og kjem til å måtte droppe ganske mange stasjonar lengst nord. Dette er jo heilt utruleg, mumlar Harald og studerer kartet saman med Thomas. Fura blir djup i panna, dette går ikkje heilt etter planen. Men Harald er ikkje den som let seg vippe av pinnen. Eg går på lugaren, forklarar han smilande, og gret ein skvett, så kjem eg opp igjen og latar som ingenting!


Det er ikkje kvar dag det er hai i fangsten! Men det har no skjedd før: Arkivfoto... Thomas de Lange Wenneck.

Skummel fangst
Eg har nett fått på meg kjeledress, oljebukse og hanskar, og står klar til å ta imot siste fangst. Såg ut som det var mykje i trålposen denne gangen, men når transportbandet rullar inn på fiskelaboratoriet er det ikkje rare fangsten. Harald kjem springande og riv opp døra. Der er du! No må du finne kameraet ditt og springe opp på dekk! seier han og hiv etter pusten. Kva skjer? Nei, det vil han ikkje svare på, men her blir det action! Auga glitrar. OK, eg flerrar av meg hanskane igjen og spring opp tre dekk til instrumentrommet, riv til meg digitalkamera og videokamera og spring ned på akterdekket. Noko rører på seg... Noko stort og mørkt... Hai! Det er ein diger, svær hai! Mannskapet ler av meg før dei likegodt går bort og klappar litt på håkjerringa. Makan... Eg filmar for livet medan dei festar eit tau til sporen og heisar opp haien på nærare to og ein halv meter. Varsamt legg dei den ytst mot den skrånande trålslippen og gir den eit puff ut i fridomen igjen. I eit skummande brus forsvinn håkjerringa ned att i nattedjupet.