Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Eg fann, eg fann

Måndag 8. september
Dette er grunnen til at vi er her, seier Thomas og held fram ei korg full av sprellande blåkveiteyngel. Vi er på nordsida av Svalbard, på veg mot Hinlopen. Her finn vi det vi leitar etter, yngelen veit kva heime er. Men denne førstereisjenta var ikkje heilt førebudd…

Måndag 8. september

Monika von Minden

Monika! No må du få ut fingen og stå opp! Eg gnir søvnen or auga og famlar etter lyset. Dette er tredje beskjed over eit fresande callinganlegg. Eg tek hintet. Mine tilmålte 4-5 timars nattesøvn er over, neste dupp er seks timar og kilovis med fiskesortering unna. Den er grei.

Full retrett
Vi har jobba oss nordover frå vestsida av Svalbard, og tatt nærare 40 stasjonar. Det betyr at vi har tatt vassprøver og tråla på dei faste plassane vi kjem tilbake til kvart år. Dermed kan vi samanlikne fangstar gjennom mange år, og få verdifull kunnskap om utviklinga til fiskebestandane. Etter planen skulle vi ha runda Svalbard på nordsida no, men isen stoppa oss. Veldig dumt… for det hadde jo vore litt kult. Men vi fekk med oss ein raudglødande solnedgang, avløyst av ein like fantastisk soloppgang før vi gjekk sørover igjen. No skal vi gå gjennom Hinlopenstredet til austsida av Svalbard og nye undersøkingar der. Det blir tid til ein film under transportetappen, ”Speed 2” rullar over skjermen når vi berre har dekning, full action på eit løpsk cruiseskip passar jo bra!

Eilert stadig lykkeleg
Medan vi andre kastar oss over blåkveita for å finne kjønn, vekt, lengde og alder, er Eilert over seg av undring. Tenk – loddelarver så langt nord! Heilt opp til iskanten! Nei, det hadde han aldri trudd… no har han rett nok ikkje vore med på dette toktet før, men likevel… han pønskar ut ei mogleg forklaring. Førre loddegyting skjedde lenger vest enn vanleg, dermed har loddelarvene drive nordover hit i staden for til Barentshavet på austsida, der lodda er meir vanleg. Han tek otolittprøver for å fastslå alder, øyresteinane er så små at han knapt finn dei. Men Eilert er ein tålmodig mann.

F/F ”Hollywood”
Vårt ærverdige forskingsskip blir raskt omgjort til eit flytande filmsett når vi plutseleg oppdagar eit bredt isbelte litt lenger framme i leia. Dit skal vi gjennom. Eg spring og hentar videokamera og vindjakke, endeleg litt action! Eilert blir med til fremste dekk for å passe på at eg ikkje ramlar over bord når eg langflat bøyer meg over rekka for å filme rett ned på den fossande baugen. I det vi treff dei blåkvite massane høyrest ein knasande lyd, isen slår sprekker og knusast mot baugen. Knalltøft! Harald er snar med å døype filmprosjektet ”Speed 3”, med Eilert som superhelten. Heilt til kapteinens digitale bilete av filminga avslører at Eilert står med hendene i lomma og ser ein annan veg når eg heng over rekka og filmar. Heltane er ikkje det dei eingang var…

Det tikkar inn ein e-post som får meg i godt humør, eg kjenner ikkje avsendaren men begynner å lese: kjempekjekt for oss heime å lese dagboka di frå toktet – her er leidningane intakte – og vi blir å følgje med dykk! Takk skal du ha, helsing frå Magny – kapteinsfrue.