Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Samarbeidspartnarar

Hovudføremålet med toktet er å kartlegge og rekne ut mengda av blåkveiteyngel og -ungfisk, men toktet leverer også viktige data for bestandsvurderingar av reke, lodde og annan botnfisk. Fleire avdelingar ved Havforskingsinstituttet er derfor involverte i toktet.

Sidan 2001 har dette toktet vore eit samarbeidstokt med PINRO (havforskingsinstituttet i Murmansk), som stiller med eige fartøy. PINRO dekkjer hovudsakleg russisk økonomisk sone, men gjennomfører også samanliknande trålhal med vårt norske fartøy. Under årets tokt deltek også Polaria i Tromsø for mellom anna å samle inn materiale til sitt akvarium.