
| Namn: Harald J. Larsen | |
![]() | Namn: Thomas de Lange Wenneck |
![]() | Namn: Eilert Hermansen |
![]() | Namn: Willy Richardsen |
![]() | Namn: Ivan Ahlquist
|
![]() | Namn: Monika von Minden |
![]() | Namn: Espen Rafter |
Spesielle tilleggsoppgåverThomas skal samle inn rare fiskar til 2. klasse ved Hjellestad skole i Bergen. Når slike uvanlege fiskeslag hamnar i trålposen, puttar Thomas dei i posar som han frys ned. Når toktet er over, tek han dei med heim til Bergen og gir til elevane. Dei kan få mykje rart å studere på! Espen skal samle inn levande fisk til akvariet Polaria i Tromsø. Det er spesielt dei tøffe og rare fiskane han vil ha, som små, arktiske botnfiskar. Dei er sjeldan vare som han må til Svalbard for å finne! Fiskane får symje i kar om bord i båten, og blir sidan frakta til Tromsø med fly. Eilert skal gjere nokre forundersøkingar til eit tokt han skal delta på seinare. Alle toktdeltakarane kjem til å vere på utkik etter spesielle fiskeslag, til dømes istorsk. Desse skal frysast ned og takast med tilbake til Bergen Museum sine naturhistoriske samlingar. Det kan vere mykje rart å få i dette havområdet, av og til får vi fisk som vi aldri har sett før! | |





