Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Bruk av resultata

Sidan 1996 har resultata frå dette toktet blitt nytta som ein av fire tidsseriar som dei årlege bestandsutrekningane og kvoteråda for norsk-arktisk blåkveite baserer seg på. Det gjeld indeksen for talet på blåkveite per aldersgruppe.

For tida er vi også inne i eit treårig norsk-russisk forskingsprosjekt som går frå 2002–2005. Her skal vi kartleggje og bli samde om utbreiinga til den nordaust-arktiske (også kalla norsk-arktiske) blåkveitebestanden. Dette toktet, som har som mål å dekkje utbreiinga av blåkveite lengst mot nord og nordaust, gir heilt nødvendige data i den samanheng.