Hopp til hovedteksten
Kongekrabbe
Foto: Hjelset
Utskriftsvennlig versjon

Kongekrabbe

Kongekrabben er ein av fem arter i same slekt. Tre av artene finst i det nordlege Stillehavet og Beringhavet, mens to lever utanfor kysten av California. Kongekrabben er den einaste arten i Barentshavet.

På russisk vert den kalla for kamtsjatkakrabben (frå Kamtschatka-området), mens det engelske namnet er "red king crab". Kongekrabben tilhøyrer klassen krepsdyr (Crustacea) og ordenen tifotkreps (Decapoda).

Russiske forskarar sette kongekrabben ut i Murmanskfjorden på 1960-talet for å auke verdigrunnlaget for innbyggjarane i Murmansk. Krabben har sidan spreidd seg austover og vestover i det sørlege Barentshavet, og har truleg kommen for å bli.

Forsking på kva effekter kongekrabben har hatt på botnfaunaen i Varangerfjorden viser at ei rekkje organismer på blautbotn er reduserte eller heilt vekke frå område der krabben har heldt seg i store mengder over lang tid. Dette gjeld spesielt arter med liten flytteevne, til dømes børstemark, pigghuder og større muslingar.

Fakta om kongekrabbe

Latinsk namn: Paralithdodes camtschaticus
Utbreiing: Langs kystområda og til havs i det sørlege Barentshavet, på djup frå ca. 5-400 m, avhengig av årstid
Storleik: Blir sjeldan 8 kg, skjoldlengde på 2-23 cm i norske farvatn
Føde: Botndyr og plantar. Børstemark og små muslingar står øvst på lista over bytedyr.

Se video av kongekrabbe

På MAREANO-toktet i påsken 2014 ble det observert forholdsvis mye kongekrabbe på 43 meters dyp utenfor Berlevåg i Finnmark. Det er fra før velkjent at det er kongekrabbe i dette området, og sannsynligvis var de på vei mot dypet igjen etter å ha vært en tur oppe på grunna for å klekke den gamle rogna og gyte ny.


les mer

Status, råd og fiskeri

Kongekrabbe i norsk sone forvaltes av norske myndigheter. Høsten 2016 kartla Havforskningsinstituttet bestanden av kongekrabbe i fjordene mellom Varanger og Porsanger samt områdene vest for 26°Ø.


les mer

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Merket kongekrabbe

Har du funnet en merket kongekrabbe?
Klikk her les hva du må gjøre. Kanskje får du finnerlønn?

Kontaktpersoner

Jan H Sundet
913 66 033
Ann Merete Hjelset
99 50 62 29