Hopp til hovedteksten
kart_250.gif
Utskriftsvennlig versjon

Miljøeffektar av botntråling

Fiske langs havbotnen har vore vanleg i mange hundre år. Men omfanget og intensiteten i fisket har auka svært mykje det siste hundreåret. I dag vert fisket sett på som ein av dei viktigaste kjeldene til forstyrring av dei marine økosystema.

Noreg er ein av dei største fiskerinasjonane i verda. Vi har difor eit spesielt ansvar for å forska på korleis fisket påverkar livet i havet og langs havbotnen i norske område. Dei to siste tiåra har effektar av fiske med aktive reiskapar på botnmiljøet fått mykje merksemd internasjonalt.

Botntråling er ei form for aktivt fiske der hovudmålet er å fanga fisk som lever på havbotnen eller er på jakt etter føde langs botnen og i botnmiljøet. Av den grunn er reiskapen konstruert slik at den kjem best mogeleg i kontakt med havbotnen.

Her i landet har vi forska og gjort forsøk for å forbetra selektiviteten og effektiviteten i fiskereiskapane, medan lite har vore gjort for å sjå på effektar av fiske utanom å ta ut målartar.

Erfaringar frå andre land

Direkte kontakt med fiskereiskap og oppkvervling av massane på botnoverflata, kan føre til at dyrelivet på botnen vert utsett for skade og i verste fall daudar. Botntråling påverkar også sjøbotnen ved at overflatemassane vert omsnudde og topografien på botnen vert utjamna. Plogfurer i botnen som er laga av tråldører, kan vera synlege i fleire månadar og opp til eitt år.

Då Fangstseksjonen ved Havforskingsinstituttet og Institutt for Fiskeri og Marinbiologi ved Universitetet med støtte frå Noregs Forskingsråd tok til med prosjektet ”Miljøeffekter av fiske med trål og snurrevad” i 2000, var forskarane først på studietur til Bedford Institute of Oceanography i Darthmouth, Canada og Netherlands Institute of Sea Reasearch i Texel, Nederland. Desse kontaktane viste seg å vera svært nyttige for gjennomføringa av Havforskingsinstituttet sitt prosjekt. Det var spesielt nyttig å sjå på forsøka i Canada som gjekk føre seg på Grand Banks, som på mange måtar liknar tilhøva i Barentshavet.

Det har også vore gjort fleire undersøkingar og forsøk i New Zealand, Australia, Canada, USA, Storbritannia, Nederland og Sverige for å få oversyn over utilsikta effektar av tråling på botnen og organismane som lever der.

Miljøeffektar av fiske

Den mest markante effekten av det effektive fisket i havet er at populasjonstorleiken av dei viktigaste fanga artane, målartane, går ned. Det vert difor gjort forsøk på å forvalta og vedlikehalda dei kommersielle fiskebestandane over heile verda. Interessa for verknaden av fiske på artar som ikkje har direkte kommersiell interesse, har vore mykje mindre. Dermed har ein relativt liten del av forskinga vorte retta inn mot slike artar og miljøet i breiare samanheng.
Ikkje uventa viser det seg at omfanget av verknaden av fiske langs botnen er avhengig av ei rekkje faktorar knytt til trålinga. Slik som fart, vekt, utforminga og dimensjonane på reiskapen og kor mange gonger eit område vert tråla.
Habitatsamansetjinga har også mykje å seia. Generelt kan ein seia at habitat med store naturlege variasjonar så som bølgjer, straumar, bioturbasjon og predasjon, er påverknaden av tråling mindre enn i meir stabile habitat. Effekten vil også vera større for habitat med stor variasjon  i forhold til område med einsidig struktur.

For eksempel er det stor skilnad mellom effekten av tråling på korallrev og på sandbotn. Samansette habitat med strukturbyggjande epifauna, er av fleire vist å vera viktige gøymestader og oppvekstområde for mange fiskeslag, mellom anna torsk. Vedvarande tråling kan føra til utjamning av strukturane, tome skal, svamp og mindre steinar som gjer at området høver dårlegare for ungfisk. Samstundes kan flatfisk finna seg betre til rette i det utjamna habitatet. Dette illustrerer at endring av habitat kan vera til ulempe for nokon, men til fordel for andre.

Botntrål er den vanlegast brukte fiskereiskapen langs botnen. Sjølv om ein har rekna med at denne tråltypen gjer forholdsvis liten skade, viser forsøka at tråling kan påverka botnmassane mykje. Store, strukturbyggjande artar som lever lenge, kan verta alvorleg skada av botntrål, medan det er meir usikkert og vanskelegare å sjå skadane på mindre artar.

Botntrålinga verkar også indirekte inn ved at skadane av tråling set i gang skifte i den økologiske balansen mellom artene i botnsamfunnet. Fiske langs botnen kan redusera mangfaldet i botnsamfunnet ved at dei største dyreartane vert fjerna og dermed vert færre. Dei små artane får dermed øydelagt sine vekseområde. På denne måten fører tråling til at det vert mindre mangfald.