Hopp til hovedteksten
bunntraalkart_180px.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Robust botnsamfunn ved Bjørnøya?

Forsøk med botntrål ved Bjørnøya viser at trålinga førde til ein resuspensjon av dei øvste sedimentlaga. Nedgravne artar vart omfordelte og kom opp til overflata av havbotnen. Eit fåtal av dyra fekk direkte skade av trålinga. Fem månader etter påverknaden var trålspora borte.

Forsøk med botntrål ved Bjørnøya viser at trålinga førde til ein resuspensjon av dei øvste sedimentlaga. Nedgravne artar vart omfordelte og kom opp til overflata av havbotnen. Eit fåtal av dyra fekk direkte skade av trålinga. Fem månader etter påverknaden var trålspora borte.

bunntraalkart_lg.jpg
I det første, store norske forskingsprosjektet vart vernesona rundt Bjørnøya valt for å undersøkja effektar av fiske med trål. Vernesona går 20 nautiske mil ut frå kysten av øya. Det har ikkje vore tråla i dette området sidan 1978. Difor er det unike forhold for å driva forsøk med representative kontrollområde. Mangel på urørte kontrollområde er ofte ei svakheit ved slike studiar.

Området egnar seg også fordi det ligg sentralt i høve til viktige trålfiskeri i Barentshavet. Dette havområdet er eit svært produktivt, subartisk økosystem, og dekkjer omlag  1,4 millionar kvadratkilometer. Gjennom dei siste 20 åra har fangsten av botnfisk årleg variert mellom 0,2 og 1,3 millionar tonn. Torsk (Gadus morhua) og hyse (Melanogrammus aeglefinus) utgjer omlag 85 prosent  av denne fangsten. Tidlegare studiar har vist at økosystemet i Barentshavet er sårbart for forstyrring, men så langt er det ikkje gjort noko for å finna ut korleis tråling påverkar økosystema på botnen.

Nytt utstyr og metodar

Undersøkingane ved Bjørnøya har to hovuddelar: Metodar og bruk av utstyr og biologiske effektar. For å kunna seia noko om kva effekt ein påverknad utanfrå vil ha, må ein ha kunnskap om dei naturlege variasjonane i systemet. Ved Bjørnøya kan ein registrera botnmiljøet før og etter tråling, både i påverka og upåverka kontrollområde.
Det er eit problem å generalisera ut frå slike trålforsøk. Eksperiment føregår ofte i korte periodar i homogene habitat, medan kommersielt fiske skjer i lang tid over ei rekkje ulike habitat. Innan ramma av forsøka vart det prøvt å tråla mest mogeleg likt verkelege fangstforhold.

Metodane som vart brukt, er ei vidareutvikling av metodar som har vore nytta i tilsvarande undersøkingar andre stader, som i Nordsjøen og Canada. Kort sagt går det ut på at kartlegging av havbotn, observasjonar og innsamling av prøvar vert gjort etter eit mønster som vert stadig meir finmaska: RoxAnn botnklassifiseringssystem, sidesøkjande sensorar, videoslede og slede som tek botnprøvar. I tillegg er ein avhengig av nøyaktig posisjoneringsutstyr (ITI-integrated trawl instrumentation) slik at ein kan bruka reiskap under vatn, gjera videoopptak og ta ut botnprøvar på rett stad.

Utan å gå i detalj her, kan ein slå fast at teknologien fungerte slik at prosjektet vart gjennomført etter planane. Flaskehalsen i arbeidet har vore å analysera og opparbeida botnprøvane. Botnfaunaen i området er ikkje godt kjend. Av totalt 164 artar som vart bestemt i prosjektet, har heile 126 ikkje vore kjende frå dette området før. Tidlegare har det vore gjort nokre få undersøkingar for 100 og 70 år sidan og i tillegg ein del på 1970-talet.

Forsøksfeltet

Eit område på omlag 6,8 x 4,4 kilometer ni nautiske mil vest av Bjørnøya på 85 til 101 meter djupne vart kartlagt ved hjelp av RoxAnn systemet i mai 2000. Havbotnen på forsøksstaden er dominert av skjelrestar blanda med finare sediment i vekslande grad. I tillegg er det felt med stein, lagt igjen av isen. Steinen er frå 0,1 til 1 meter i diameter. Kartlegginga viser at botnfaunaen er flekkvis fordelt over forsøksområdet. Det er flest mangebørsteormar, skjel, rankeføttingar (rur) og pigghudar (slangestjerner og kråkebollar). Pigghudar og rankeføttingar dominerte biomassen.

bunn_soyler_lg.jpg
For å få fram omfanget av effektane av trålinga, vart arealet som vart utsett for tråling,  samanlikna med urørte område før og etter trålinga. Det vart valt ut eit område for «intensiv fiske» med ti overlappande trålingar rett etter kvarandre. Eit område vart utsett for «moderat fiske», med ti tilsvarande trålingar utan overlapping. «Intensivt fiske» førte til nær tre gonger så hard påverknad som «moderat». Mellom dei tråla områda vart det lagt ut kontrollfelt. Det vart brukt ein kommersiell trålar med vanleg utstyr for botntråling.

Biologiske effektar

Basert på resultata frå andre undersøkingar, var det venta at trålinga kom til å føra til endringar i dyrelivet gjennom:
-  Oppkvervling av overflatesediment og omfordeling av artar.
-  Artar vert tekne av trålen og fjerna.
- Organismar som vert skada eller drepne av trålgear.
- Innvandring av åtseletande artar inn i område som nyleg er tråla.

I mai 2000 vart effekten av trålinga registret like etter påverknaden. Det viste seg at verknaden på botnorganismane i hovudsak skuldast resuspensjon av det øvste sedimentlaget og at gruntlevande, nedgravne artar vart flytta på. Ein fann auke i gravande skjel, nokre sneglar og sjøanemoner.

Auke i talet på slangestjerner kan skuldast at dei var på leit etter åtsel. Trålinga hadde gjort få skadar på dyr. Den totale biomassen gjekk ned etter tråling. På grunn av stor variasjon var det vanskeleg å påvisa effektar på enkeltartar, likevel vart det registrert nedgang i talet på amfipoder, mysider og euphasider. Trålinga såg også ut til å jamna ut skilnadane, då dyra såg ut til å vera meir likt fordelt over forsøksområdet.

Video-observasjonar med undervasskamera viste at tråldørene etterlet seg spor i botnsedimenta som var omlag 10 centimeter djupe og 20 centimeter breie. Spora vart laga av både tråldørene og rockhopper-gearet.

bunn_ill_lg.jpg


Figur 3. Sidesøkjande sonar vart brukt til å undersøkje topografiske endringar skulda trålinga. Figuren viser to utsnitt frå utskrifta tatt før (a) og etter (b) trålinga i det intensive transektet. Dei kvite ringane indikerar same strukturen på havbotnen. Framferda til trålen kan i figur b sjåast som mørke furer på langs av transektet som er spora etter tråldørene, medan dei mindre, men meir talrike furene stammar frå sjølve rockhopper gearet.


Kartlegginga av botnen med RoxAnn-systemet viste at trålinga endra botnsedimenta slik at dei vart mindre hardpakka. Liknande observasjonar fem månadar seinare viste at trålspora i botnsedimenta var bortviska.
Etter det første toktet i mai 2000 vart det gjennomført tre oppfylgingstokt med om lag seks månaders mellomrom. Det er samla inn svært omfattande biologisk materiale, som krev mykje innsats til å opparbeida. Arbeidet pågår framleis, og det er difor berre resultata frå den umiddelbare påverknaden som er omtala her.

Ein førebels konklusjon i tillegg til analysen av resultata frå mai 2000, er at det er få dyr med fysiske skadar som kan tilskrivast trålinga. Tråling fører til redusert biomasse, fyrst og fremst rur, medan diversiteteten auka etter tråling.
Resultata frå undersøkinga indikerer at botndyrsamfunnet kring Bjørnøya er robust mot denne typen fysisk påverknad. Ei av årsakene til dette kan vera at denne delen av Barentshavet er utsett for relativ høg grad av naturlege forstyrringar som kraftig straum og store temperatursvingingar, og at faunaen her toler dei fysiske påverknadane frå tråling.

Ny kompetanse og publisering

Som nemnt er dette prosjektet det første i sitt slag i Noreg. Prosjektet har gjeve dei to institusjonane, Institutt for Fiskeri og Marinbiologi, Universitetet i Bergen og Fangstseksjonen ved Havforskingsinstituttet, kompetanse på dette viktige området. I tillegg kan det vera døme på korleis forskarar får koma vidare i arbeid på nye område.

Resultat frå prosjektet har resultert i ei hovudoppgåver ved Institutt for Fiskeri og Marinbiologi, Universitetet i Bergen: Tina Kutti (2002). Vidare har Odd-Børre Humborstad, Havforskingsinstituttet fullført ei doktoravhandling (2004), og materiale frå prosjektet har vorte brukt i eit anna doktorgradsarbeid, Hans Tore Rapp, Universitetet i Bergen (2004).
I tillegg munnar prosjektet førebels ut i  to artiklar i vitskaplege tidsskrift med referee.

Publiseringar:
Humborstad OB, Nøttestad L, Løkkeborg S and Rapp HT 2002. RoxAnn bottom classification system, sidescan sonar and video-sledge: spatial resolution and their use in assessing trawling impacts. ICES Journal of Marine Science 61: 53-63

Humborstad OB 2004. Impact assessment of bottom trawls and gillnets in Norwegian waters. Doktorgradsavhandling Universitetet i Bergen.

Kutti T, Høisæter T, Rapp HT, Humborstad OB, Løkkeborg S and Nøttestad L 2004. Immediate effects of experimental otter trawling on a sub-arctic benthic assemblage inside Bear Island Fishery Protection Zone in the Barents Sea. American Fishery Society Symposia (In press)

Kutti T 2002. Analyses of the immediate effects of experimental otter trawling on the benthic assemblage of Bear Island (Fishery protection Zone), Barents Sea. Hovudfagsoppgåve ved Universitetet i Bergen.

Rapp HT 2004. A revision of calcareous sponges (Porifera, calcarea) in coast and shelf areas of Norway and Greenland. Doktorgradsavhandling Universitetet i Bergen.