Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Not

Not er eit stort nett som vert satt ut akter på eit fartøy i ein stor sirkel som omringer ein fiskestim. Nota holdast flytande oppe av flyteelement, mens nedste del synk ned på grunn av tyngde frå ein blykabel. Nettet er av små masker i nylon.

Etter ei tid vil nota synke ned. Snurpelina i botnen av nota vert så dratt saman så nota dannar ein tett halvkule rundt stimen. Fisken er innesperra og vil ikkje kunne symje ut av nota. Botnen av nota snurpast meir saman og fisken vil bli pressa saman og oppover. Fisken vil så bli enten pumpa eller håva om bord i fartøyet.

Moderne notfartøy nyttar avansert akustisk utstyr som sonar og ekkolodd for å leite opp aktuelle fiskestimar . Arbeidet med å sette ut nota er mekanisert og nota vert dratt inn ved hjelp av hydrauliske blokker.

Not vert brukt for å fange fisk som går tett saman i stim i øvre eller midtre delar av vannsøyla.  Typiske artar fiska med not er sild og makrell.
Ei typisk not for å fange makrell i Nordsjøen vil vere 500-800 m lang og 120-200 m djup. Maskene vil vere små i midten medan det i kvar ende vil vere masker med noko større opning.
 

Not

Kontaktpersoner

Aud Vold
995 06 930