Hopp til hovedteksten
Lakselus
Utskriftsvennlig versjon

Lakselus

Lakselus er den vanlegaste parasitten på oppdrettslaks, og det største sjukdomsproblemet i næringa. I fleire år er lakselusa behandla med orale middel. Overvaking viser at omfanget auker klart, og at lusa i nokre tilfelle er blitt resistent mot den foretrekte behandlingsmetoden.

Lakselus tilhøyrer hoppekrepsfamilien, og finst naturleg i alle havområde på den nordlege halvkule.

Lakselusa har eksistert saman med laksefisk lenge, og er første gang omtala på 1600-talet. Zoologen Henrik Nikolai Krøyer beskreiv arten og gav den det latinske namnet Lepeophteirus salmonis i 1837.

Lakselusa er vertsspesifikk og avhengig av laksefisk for å fullføre livssyklusen. Den overlever ikkje i ferskvatn, og elvefiska laks med lus kan vere eit teikn på at laksen nyleg er kommen opp i elva. Lakselusa trivs dårlegare dess mindre salt det er i vantet, og vil ramle av laksen etter få dagar.

Lakselusa påfører laksefisk skade ved å ete av slim, skinn og blod. Dette opnar for andre infeksjonar frå til dømes bakterier og sopp, og har òg innverknad på den osmotiske saltbalansen til fisken.

I dag er lus ein av dei viktigaste tapsårsakene i oppdrett av laksefisk. Grovt rekna taper norsk oppdrettsnæring årleg om lag 500 millionar kroner på direkte tap, utgifter til kjemikaliebruk og ekstraarbeid til avlusing, vekttap på grunn av stress, muleg tap av fisk osv. Det er i dag klåre grenser for kor mykje lakselus laks i oppdrettsanlegg kan ha. Mattilsynet har klare retningslinjer for korleis parasitten skal bekjempast.

Villaksen får problem når det blir produsert meir lus. Den primære effekten av lakselus er redusert vekst. Redusert vekst i svake, ville bestander kan i verste fall føre til ei svekking av reproduksjonspotensialet.
 

Fakta om lakselus

Latinsk namn: Lepeophtheirus salmonis
Utbreiing: Finst naturleg i norske farvatn. Omfanget har auka monaleg i takt med veksten i oppdrettsnæringa.
Biologi: Lakselusa er ein parasitt med ti livsstadium fordelt på tre frittlevande, fire fastsitjande og tre mobile stadium. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Storleik: Vaksen ho: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrenger), vaksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod frå laksefisk. Lusene et først når dei sit på ein vertsfisk (fastsitjande og mobile stadium).
Formeiring: Heile året, men formeirar seg hurtigare når temperaturen aukar utover våren.
Spreiing: Frittlevande stadium spreier seg via fjord- og kyststraumar.
Bekjemping: Biologiske middel (leppefisk) eller kjemikaliar (legemiddel).

Rapporter om lakselusmidler

Flubenzuroner i fiskeoppdrett - miljøaspekter og restkonsentrasjoner i behandlet fisk (Rapport fra Havforskningen nr. 2-2013). I denne rapporten beskrives også effekt av teflubenzuron på hummeryngel.

Vurdering av helse- og miljøeffekter ved bruk av flubenzuroner ved avlusing av oppdrettsfisk (Rapport fra Havforskningen, nr. 4-2010)

"Bruk av flubenzuroner i lakseoppdrett" (1999)  er en evaluering av bruk av avlusningsmiddel som inneholder flubenzuroner. I følge rapporten er det ingen grunn til å tro at hverken diflubenzuron eller teflubenzuron vil utgjøre en helserisiko ved konsum av oppdrettslaks.

Kontaktperson: forsker Ole B. Samuelsen.

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) har mer informasjon om lusemidler og mattrygghet på sine nettsider:

Kontaktpersoner

Terje Svåsand
994 89 985