Hopp til hovedteksten
Sild, Libas,2.8.06, trål (10).jpg
Sildefangst (illustrasjonsfoto)
Utskriftsvennlig versjon

Bestandskalkulator for NVG-sild

Med den nye sildekalkulatoren frå Havforskingsinstituttet kan fiskarar og andre interesserte enkelt rekna seg fram til sildefangstane dei komande fem åra.

Nvg-silda vert forvalta frå år til år basert på råd frå ICES (det internasjonale rådet for havforsking). ICES gjev også ein toårig prognose for gytebestanden og fangstane. Næringa har lenge etterlyst prognosar som går over fleire år enn det ICES bidreg med.

Graf viser femårstrend

Det tek mellom fire og fem år før ein årsklasse rekrutterer til gytebestanden. Det gjer at forskarane – med utgangspunkt i det dei veit om gytebestanden og rekrutteringa i dag – kan laga relativt sikre framskrivingar fire år fram i tid.

– I den nye nettapplikasjonen kan brukaren sjølv vurdere kva som er sannsynleg silderekruttering, leggja verdien inn i kalkulatoren og ta framskrivinga enno eitt år fram i tid, seier Erling Kåre Stenevik, som er bestandsansvarlig for nvg-sild på Havforskingsinstituttet.

Uvisse følgjer med

Stenevik understrekar at det knyter seg uvisse til framskrivingane.

– I tillegg til at framtidig rekruttering er usikker, kan framskrivinga verta ulik den utviklinga ICES etter kvart vil koma til å estimera. Det kjem av at det alltid er fleire element av uvisse i all bestandsberekning.

Han trur likevel næringa vil få god nytte av sildekalkulatoren, som vert oppdatert kvart år.

– Fiskarane kjenner til at det er uvisse knytt til slike framskrivingar, og med det i bakhovudet kan dei danna seg eit godt inntrykk av utviklinga framover med hjelp av kalkulatoren.

Modeller

Modeller er per definisjon forenklede fremstillinger av naturen. Likevel kan de gi oss verdifull informasjon om fysiske, biologiske og populasjonsdynamiske prosesser i havet. Og i kombinasjon kan modeller hjelpe oss til å få innsikt og kvantifisere dynamikken i de komplekse økosystemene.

Prøv kalkulatoren her:

Sildekalkulator

Kontaktpersoner