Det er forskjellige forskingsprosjekt som ligg til grunn for merkinga, derfor er forskarane ute etter litt ulik informasjon frå dei som fangar merkt hummar.
Skagerrak
Det er to merkeforsøk på gang i Skagerrak.
- Det eine føregår i bevaringsområda for hummar på Hvaler (Kvernskjær), Nøtterøy (Bolærne) og Arendal (Flødevigen).
Både hummar frå bevaringsområda og frå nærliggjande kontrollområde er merkte.
Forskarane ser for seg at merkeforsøka blant anna skal gje svar på i kva grad humrane vandrar ut frå bevaringsområdet.
Dei som fangar merkt hummar frå området må opplysa om kvar og når hummaren er tatt og kor lang han er. Send merket til Forskingsstasjon Flødevigen. Noter og send kontrollnummer dersom hummaren skal setjast ut att.
Svein Erik Enersen og Alf Ring Kleiven er kontaktpersonar for merkt hummar frå bevaringsområdene
- Det andre forsøket er lokalisert til Tvedestrand og Lindesnes kommune.
Det blir merket hummer årlig i Tvedestrand og Lindesnes. Målet er å få meir kunnskap om storleiken på bestandene og omfanget av fisket. Det er brukt gule og raude merke.
Dei som fangar merkt hummer frå området må opplysa om kvar og når hummaren er tatt og kor lang han er. Send merket til Forskningsstasjonen Flødevigen. Noter og send kontrollnummer dersom hummaren skal setjast ut att. Det er dusør på innleverte hummarmerke frå Tvedestrand. Det betales 50 kr for gule merker og 500 kr for røde merker.
Sigurd Heiberg Espeland er kontaktperson for merket hummer fra Tvedestrand og Lindesnes. Sjå kontaktinformasjon i margen til høgre.
Kysten av Sørvest-Noreg
Dei siste åra er det merkt hummar i ein rekkje fjordar langs kysten av Vestlandet. 174 hummar ble merkte i Larvik-området på forsommaren i år. Forskarane ønskjer blant anna å læra meir om vekst, vandring og kor ofte hoene har utrogn.
Dei som fangar merkt hummar frå området må melda frå om kvar og når hummaren vart teken og nummer på merket. I tillegg ønskjer Havforskingsinstituttet opplysning om kjønn, rogn, totallengde, ryggskjoldlengde og knuseklolengde. Send merket til Havforskingsinstituttet, Bergen. Noter og send kontrollnummer dersom hummaren skal setjast ut att.
Ann-Lisbeth Agnalt er kontaktpersonar for merkt hummar frå Sørvest-Noreg. Sjå kontaktinformasjon i margen til høgre.
Hugs at det ikkje er lov å fanga rognhummar og hummar under minstemål. Får du merkt hummar av desse kategoriane så noter nummer på merket , stad og tidspunkt for fangsten før hummaren vert sett ut att. Send opplysningane til riktig kontaktperson i Havforskingsinstituttet.
