Hopp til hovedteksten
Fjord
Utskriftsvennlig versjon

Kyst og fjord

Kysten og fjordane er forskjellige frå sør til nord i Noreg. Variasjonane går frå dei meir eller mindre lukka fjordarmane i sør til dei helt opne delane av kysten i Finnmark der havet når heilt inn. I tillegg til dei topografiske variasjonane er det også store variasjonar i straum og klimatiske forhold langs kysten.

Den kortaste avstanden mellom sørlegaste og nordlegaste punkt langs norskekysten er den same som avstanden frå Sørlandet til Roma. Kystlinja sin totale lengde langs fastlandet ut og inn fjordar og langs kysten er om lag 24 000 km, eller om lag halve distansen rundt ekvator. Inkluderer ein alle øyar, er den totale kystlinja nærare 60 000 km.

Ein barriere av øyar, holmar og skjer verner store delar av kyst- og fjordområda for bølgjer og vind frå det opne havet. Djupe, store fjordar skjærer inn frå kystlinja og har typisk ein terskel ut mot havet og eit djupt basseng innanfor terskelen. Den lengste fjorden i Noreg er Sognefjorden, som har ei lengd på ca. 200 km og største djup på ca. 1300 m. Dei djupaste fjordane elles i Noreg er om lag 700 m, mens fleirtalet av fjordane er 300-500 m djupe. Ein del av dei store fjordane i Troms og Finnmark har ikkje tersklar ut mot havet (som til dømes Porsangerfjorden) og er difor å rekne som havbukter. 

Termograftenesta

Hurtigruteskipet Vesterålen føretek temperaturmålingar under reisa tur-retur Bergen-Kirkenes. Målingane vert visualiserte i kart.

Observasjonsbøyer

Det er for tiden satt ut to målestasjoner i form av bøyer utenfor Rosendal i Hardangerfjorden. Disse leverer data hver time til Havforskningsinstituttet og dataene blir presentert på nettet.