Hopp til hovedteksten
Svein Sundby på Svalbard
Klimaendringane vil bli svært merkbare i arktiske strøk. I denne filmen fortel klimaforskar Svein Sundby om kva vi kan venta oss på Svalbard. Filmen er spesielt retta mot elevar i den vidaregåande skulen.   
Utskriftsvennlig versjon

Kva skjer på Svalbard når klimaet endrar seg?

Svein Sundby er ein av hovudforfattarane av hav-kapitlet i FNs klimarapport som kom ut våren 2014. Han er sentral i denne ferske undervisningsfilmen om klimaendringane på Svalbard.  

Klimaendringane vil bli spesielt merkbare i Arktis. Isen minkar stadig, og eit isfritt Polhav kan vera ein realitet om 20 til 30 år. Mange dyr tilbringer store eller heile delar av livet på, under eller ved isen. Sel og isbjørn er blant artane som er heilt avhengige av is for å overleva.
Varmare havtemperaturar og mindre is opnar opp for at meir sørlege artar av til dømes plankton og fisk kan ta seg inn i havområde som tidlegare var for kalde for dei. Der kan dei utkonkurrera dei ”fastbuande” og skapa ein ubalanse i økosystemet. I tillegg er sørlege artar ikkje alltid like godt eigna som føde for dyr høgare opp i næringskjeda. 

Når forskarane vurderer korleis klimaendringane vil slå ut i Arktis, må dei også ta høgde for den aukande havforsuringa. Kalde havområde tar opp i seg meir CO2, og på sikt kan det få konsekvensar for skaldannande organismar. Klimaendringane gjev seg altså ulike utslag, og i sum vil dei svekkja artsmangfaldet i økosystema på land og i havet rundt Svalbard. Akkurat korleis økosystema vil bli råka er det for tidleg å slå fast.  

Film om klimaendringer på Svalbard

Kontaktpersoner

Svein Sundby
481 23 621