Hopp til hovedteksten
natur_veroy_054.jpg
Skreifiske ved Værøy.
Foto: Kathrine Michalsen
Utskriftsvennlig versjon

Viktige fiskebestandar

Torsk, sei, hyse og sild er store, viktige bestandar som i stor grad er avhengige av det som skjer i Lofoten og Vesterålen.

Nordaustarktisk torsk

Dei viktigaste gytefelta for nordaustarktisk torsk er i Vesterålen/Lofoten. Egga blir gytt i frie vassmasser i februar–april. Både egg og larvar driver med straumen inn i Barentshavet, og yngelen bunnslår seg der seint på hausten.

Meir om nordaustarktisk torsk
 

Nordaustarktisk sei

Dei viktigaste gytefelta i norske farvatn er Lofoten, Haltenbanken, bankane utanfor Møre og Romsdal, og Tampen og Vikingbanken i Nordsjøen. Fiskeegg og -larvar blir førte nordover med straumen. Yngelen etablerer seg i strandsona langs kysten frå Vestlandet og nordover til søraustleg del av Barentshavet og vandrar ut på kystbankane som 2- til 4-åring.

Meir om nordaustarktisk sei

Nordaustarktisk hyse

Hysa sine viktigste gyteområde er på vestsida av Tromsøflaket. Det er også viktige gyteområde langs kysten av Nord-Noreg, langs eggakanten utanfor Møre og Romsdal samt utanfor Røstbanken og Vesterålsbankane.
Gytinga er fordelt i perioden mars til juni med hovudtyngde i slutten av april. Hysas føde avhenger av størrelsen på fisken, men består hovudsakeleg av ulike typer botndyr.

Meir om nordaustarktisk hyse

Norsk vårgytande sild

Den norske vårgytande silda har hovudgyting utanfor Møre i februar–mars, men gyter og langs kysten av Nordland og Vesterålen. Silda legger egga på botnen, der dei klekker etter ca. tre veker. Dei nyklekte larvene driver med straumen nordover langs kysten, og driver inn i Barentshavet tidleg på sommaren.

Meir om norsk vårgytende sild

 

Det unike ved Lofoten-Vesterålen

• Stabile, uavbrutte havstrømmer blandes godt sammen.
• Smal sokkel, mange opphopningsområder.
• Mye lys om sommeren gir tilnærmet døgnkontinuerlig planteplanktonproduksjon.
• Svært høy biologisk produksjon i alle ledd i næringskjeden.
• Store mengder dyreplankton.
• Høy tetthet av fiskelarver fra noen av verdens største fiskeforekomster i Barentshavet og Norskehavet.
• Stort artsmangfold både i vann og på land.
• Viktige gytefelt og larveproduksjon av nordøstarktisk torsk.
• Det som skjer her har store konsekvenser for økosystemene i Barentshavet og Norskehavet.