Det blir rapportert om mykje stor torsk og hyse i Barentshavet. Gytebestandane har knapt vore større for nordaustarktisk hyse og nordaustarktisk torsk.
Havforskingsinstituttet har ei sentral rolle i overvakninga av alle desse fiskebestandane.
Årlege forskingstokt måler blant anna gytebestand, rekruttering og totalbestand. Resultat frå tokt og andre kartleggingar blir lagt til grunn for vurderingane som blir sendt til Det internasjonale råd for havforsking (ICES), der instituttet er Noreg sin representant.
Årlege kvoteråd frå ICES ligg til grunn for dei årlege fiskeriforhandlingane mellom Noreg og andre partar (EU, Russland, Færøyane og Grønland) der dei ulike kvotane blir fastsette.
Her er oppdaterte kvoteråd for dei ulike bestandane.
Kvoteråda for 2011 er som følgjer:
Nordaustarktisk torsk
Anbefalt kvote 2011: 703 000 tonn
Anbefalt kvote 2010: 577 500 tonn
Avtalt kvote 2010: 607 000 tonn
Nordaustarktisk sei
Anbefalt kvote 2011: 173 000 tonn
Anbefalt kvote 2010: 204 000 tonn
Avtalt kvote 2010: 204 000 tonn
Nordaustarktisk hyse
Anbefalt kvote 2011: 303 000 tonn
Anbefalt kvote 2010: 243 000 tonn
Avtalt kvote 2010: 243 000 tonn
Norsk vårgytande sild
Kvote 2011 (Forvaltningsplan): 988 000 tonn
Kvote 2011 (føre var): 1 170 000 tonn
Kvote 2011 (maksimalt langtidsutbytte): 1 170 000 tonn
Anbefalt kvote 2010: 1 483 000 tonn
Avtalt kvote 2010: 1 483 000 tonn
