Hopp til hovedteksten
t22321.gif
Utskriftsvennlig versjon

Polartorsk

Bestanden av polartorsk er stor, men truleg ikkje så stor som perioden 1999 til 2002.

Denne ressursen har ikkje vore utnytta av norske fiskarar sidan byrjinga av 80- åra, og ikkje i nemneverdig grad sidan byrjinga av 70-åra. Russiske fiskarar har fi ska polartorsk meir eller mindre samanhengande sidan byrjinga av 70-åra, men utbytet har variert mykje frå år til år (Figur 2.2.3.2.1). Bestanden tok seg opp att etter å ha vore redusert i storleik i 1988–1990, til eit relativt stabilt nivå rundt 0,5 millionar tonn. Frå 1997 til 2001 har den estimerte mengda polartorsk stege jamt frå omtrent 0,5 millionar tonn til nesten 1,9 millionar tonn. Målinga i 2002 er igjen lågare; 1,3 millionar tonn, men noko av nedgangen frå 2001 til 2002 kan skuldast at området vest av Svalbard, kor det vart funne over 200.000 tonn polar torsk i 2001, ikkje vart dekka i 2002. I 2004 vart det målt 1,1 millionar tonn. I 2003 vart det målt vesentleg lågare mengder polartorsk; berre 280.000 tonn, men alt tyder no på at dette var eit stort underestimat, slik ein hadde mistanke om allereie då målinga vart gjennomførd.

Data frå dei årlege internasjonale 0-gruppe undersøkingane og dei etterfølgjande loddeundersøkingane i Barentshavet, som begge no er del av eit økosystemtokt, viser at rekrutteringa har vore god i 90-åra, med unnatak av 1995 då det var ein drastisk reduksjon i mengda av yngel. Det synest også å ha vore ein liten nedgang i rekrutteringa i 2000 og 2001. I 2002 var 0-gruppeindeksen mellom dei høgaste som har vore målt, og i 2003 og 2004 også over gjennomsnittet. Dekninga av polartorsk- yngel er ikkje komplett under 0-gruppe tokta, og variasjonen kan derfor også spegla variasjonar i utbreiing av yngelen. Den naturlege dødsraten i bestanden er svært høg, noko som truleg har samanheng med at polartorsk er eit viktig byttedyr både for sel og torsk.

Av Harald Gjøsæter. Trykket i Havets ressurser og miljø 2005 (Kap 2.2.3.2)

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Tokt

Hvert år gjennomføres en rekke tokt for å overvåke og kartlegge

  • miljøtilstanden i havet
  • utviklingstendensene i ulike fiskebestander

Noen av toktene har egne sider og toktdagbøker.