Hopp til hovedteksten
Chinstrap Penguin
Ringpingvin (Pygoscelis antarcticus)
Foto: Bjørn Krafft
Utskriftsvennlig versjon

Pingvinar

Pingvinar er symbolet på Antarktis. Med anslagsvis 20 millionar hekkande par i det antarktiske området er dei svært talrike. Det er i alt 17 pingvinartar, men mange held til i subantarktiske strøk eller område endå lenger nord. 

Dei som er sterkast assosierte med Antarktis, er keisarpingvinen (Aptenodytes forsteri) og adeliepingvinen (Pygoscelis adeliae), som begge held til på det antarktiske kontinentet. Makaronipingvin (Eudyptes chrysolophus), bøylepingvin (Pygoscelis papua), ringpingvin (Pygoscelis antarctica) og kongepingvin (Aptenodytes patagonicus) føretrekkjer eit litt mindre ugjestmildt miljø lenger nord.

Pingvinar flyg ikkje, men er framifrå symjarar og dykkarar. Dei lever av krill og andre små krepsdyr, men enkelte artar òg av fisk og blekksprut. Det er registert at keisarpingvin har dykka ned til 535 meter etter byttedyr. Men ringpingvinen, som er den vanlegaste arten i Antarktis og den som dominerer rundt Sør-Orknøyane, der Havforskingsinstituttet driv overvaking, fangar det meste av byttedyra sine i dei øvste ti metrane.

Ringpingvinegga blir vanlegvis klekte i januar, og pingvinungane klarer seg normalt sjølve rundt to månader seinare. I hekkesesongen er dei ekstra sårbare for matmangel. Med arbeidet sitt i Sørishavet prøver Havforskingsinstituttet mellom anna å finne ut kor mykje fisket konkurrerer med pingvinane om matressursane.

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.