Hopp til hovedteksten
isfjell.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Økosystem Sørishavet

Sørishavet dekkjer eit veldig område nord for det antarktiske fastlandet. Nordgrensa for Sørishavet blir gjerne trekt langs den antarktiske konvergensen, også kjend som den antarktiske polarfronten, der kaldt vatn som strøymer nordover frå Antarktis, støyter saman med varmare subantarktisk vatn og fungerer som ein oseanografisk barriere mot dei store hava lenger nord. Det viktigaste oseanografiske trekket ved Sørishavet er Sørpolstraumen. Sterke vestlege vindar driv han frå vest mot aust, og det er den mektigste straumen i verda.

Den trofiske dynamikken i dei biologiske samfunna i Sørishavet er kjenneteikna av dei ofte uvanleg store stega mellom dei trofiske nivåa. Eit døme på dette er antarktisk krill (Euphausia superba), som konsumerer mikroskopisk fytoplankton og i sin tur kan bli eten av ein kval. To planktivore grupper dominerer i Sørishavet: antarktisk krill og salpar (først og fremst Salpa thomsoni), som er ein frittflytande tunikat. Sjølv om artane til ein viss grad overlappar kvarandre i utbreiing, held salpane mest til i mindre produktive regionar og toler varmare vatn enn den antarktiske krillen.

Typisk for fiskefaunaen i Antarktis er at nokre få artsgrupper dominerer, særleg antarktisk torsk eller nototenioidar. Blant nototenioidane er isfisk, som er unikt tilpassa ved at dei manglar hemoglobin i blodet. Blant desse igjen er makrellisfisk (Champsocephalus gunnari), som det blir drive kommersiell fangst på.

Kval, sel, pingvin og flygande sjøfuglar er svært viktige komponentar i det antarktiske økosystemet. Langt på veg definerer dei folks oppfatning av det antarktiske dyrelivet, og trygg tilgang på mat for ein slik karismatisk megafauna er eit nøkkeltema for å sikre ei berekraftig hausting i Sørishavet, særleg av krill.

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.