Både tannkval og bardekval er vanlege i Sørishavet. Kvalar i den første gruppa har tenner og lever av fisk og blekksprut, mens bardekval filtrerer sjøvatn gjennom fibrøse bardar som held tilbake plankton og småfisk. Kvalane bruker Sørishavet som beiteområde under sørsommaren og vandrar til varmare farvatn om vinteren for å formeire seg.
Seint om sommaren når Havforskingsinstituttet gjer sine tokt rundt Sør-Orknøyane, ser vi mest bardekval, særleg finnkval, men òg knølkval og vågekval. I denne regionen finn dei vanlegvis gode beiteforhold med høge konsentrasjonar av krill.
Sel deler vi naturleg inn i to grupper: ekte selar og øyreselar. Til forskjell frå dei ekte selane med berre ei opning inn til det indre øyret, har øyreselane små utvendige øyre. I antarktiske farvatn finst det seks selartar. Alt etter art lever dei av fisk, blekksprut og krill, mens leopardselen (Hydrurga leptonyx) lever av pingvinar og andre selar. Fire av dei andre artane er tilpassa isen og får ungar der. Det er leopardsel, rossel (Ommatophoca rossii), weddellsel (Leptonychotes weddellii) og krabbeetarsel (Lobodon carcinophagus). Antarktisk pelssel (Arctocephalus gazella) og elefantsel (Mirounga leonina) før ungar på strendene, og det er desse artane som typisk blir funne når Havforskingsinstituttet driv overvaking rundt Sør-Orknøyane.