Hopp til hovedteksten
Black browed albatross
Svartbrynalbatross (Thalassarche melanophrys)
Foto: Bjørn Krafft
Utskriftsvennlig versjon

Flygande sjøfuglar

Blant dei mest påfallande flygefuglane i Antarktis er albatrossen, som er den største av sjøfuglane og kan ha eit vengespenn på tre meter. 

Dei har ein enorm trekkapasitet og blir opptil 60 år gamle. Dei et fisk, blekksprut og krepsdyr. Albatrossen legg berre eitt egg om gongen og har svært låg reproduksjonsrate. Mange av albatrosspopulasjonane har minka, og ein hovudgrunn til det er at dei utilsikta blir fanga på langlinekrokar. Strengare fiskeriregulering dei siste åra har likevel ført til at færre fuglar døyr av slike årsaker.

Dei fuglane det er mest av i Antarktis, høyrer til familien Procellariidae. Petrell, stormfugl, havhest og lire er nokre av dei. Dei lever av omtrent det same som albatrossen, og legg som han berre eitt egg. Ein annan utbreidd art i Sørishavet er sørjo (Catharacta maccormicki), som er best kjend som åtselfugl på pingvin- og petrellegg og bytte som ligg att etter andre fuglar. Andre vanlege artar er ulike måseartar, terner og to artar storskarv og slirenebb.
 

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.