Hopp til hovedteksten
Makrellisfisk
Makrellisfisk (Champsocephalus gunnari)
Utskriftsvennlig versjon

Fisk og blekksprut i Antarktis

Fiskefaunaen i Antarktis er prega av nokre få dominerande artar, særleg antarktisk torsk eller nototenioidar. Ei spesiell gruppe blant nototenioidane er isfisk (Channichtyidae), som har ei unik tilpassing ved at dei manglar hemoglobin i blodet. Isfisk er knytt til kontinentalsoklane og er eit viktig bytte for høgareståande predatorar som kval, sel og sjøfugl. I djupare vatn er fiskefaunaen dominert av ålekvabb (Zoarcidae) og ringbukar (Liparidae).

Nokre fiskeartar i Sørishavet blir hausta kommersielt. Patagonsk tannfisk (Dissostichus eleginoides) er den viktigaste kommersielle arten og blir fiska med langline på djupt vatn i overgangen mellom kontinentalhylle og kontinentalskråning. Makrellisfisken (Champsocephalus gunnari) blir fiska i mindre omfang og under streng regulering i Scotiahavet.

Blekksprut er svært utbreidd i Antarktis, men som i dei fleste økosystem veit vi ikkje så mykje om den økologiske rolla deira her. Dei varierer i storleik frå små til gigantiske og er svært viktige byttedyr for høgare trofiske nivå. I farvatn som grensar til Sørishavet, mellom anna rundt Falklandsøyane, er det stort fiske etter blekksprut.

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.