Hopp til hovedteksten
Antarktisk krill
Antarktisk krill (Euphausia superba)
Foto: Kjartan Mæstad
Utskriftsvennlig versjon

Antarktisk krill (Euphausia superba)

Antarktisk krill er ein rekeliknande organisme som blir opptil 6 cm lang og 6 år gammal. Antarktisk krill speler ei hovudrolle i det antarktiske økosystemet. Han lever av fytoplankton og er sjølv ei viktig næringskjelde for ei rekkje dyr, frå fisk til sjøpattedyr. Antarktisk krill gyter i sørsommarperioden frå desember til mars og er på sitt mest talrike då. Etter eit larvestadium på 8–10 månader går han over i juvenilstadiet og blir kjønnsmoden i ein alder av tre år og oppover.

Antarktisk krill har samanhengande utbreiing rundt heile det antarktiske kontinent, men tettast er han i den atlantiske sektoren av Sørishavet i området rundt og nordaust for den antarktiske halvøya. Dette ser ut til å vere eit føretrekt område på grunn av dei sterke oppblomstringane av fytoplankton om sommaren og det veldige isdekket om vinteren, som sikrar mat i form av isalgar. I tillegg gir det vern og næring for yngelen og er derfor ein betydeleg overlevingsfaktor i den tidlege livsfasen. Dei høge konsentrasjonane av antarktisk krill i den atlantiske sektoren tyder på at krillen har mekanismar for å halde seg innanfor dette området trass i den sterke polstraumen. Mest krill er å finne i opne vassmassar, og tettleiken kan komme opp i 20 000 til 30 000 individ per m3.

Antarktisk krill er den viktigaste fokusorganismen for forskingsaktivitetane til Havforskingsinstituttet i Sørishavet. Aspekta det blir forska på, er mellom anna akustiske eigenskapar knytte til akustiske biomasseanslag, fordeling, demografi, stimkjenneteikn og interaksjon med predatorar og byttedyr.

Les meir i vedlagte publikasjonar om krill:

 

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.