Hopp til hovedteksten
Plankton
Utskriftsvennlig versjon

Andre plankton i Antarktis

Andre planktonartar enn antarktisk kril kan dominere regionalt i Sørishavet. 

Salpa

Andre planktonartar enn antarktisk krill kan dominere regionalt i Sørishavet. Av planteetarane er salpar (først og fremst Salpa thomsoni), som er frittflytande plankton tilhøyrande gruppa tunikatar eller kappedyr, svært godt representerte. Til ein viss grad har dei same fordelinga som antarktisk krill, men salpane held mest til i mindre produktive regionar og toler varmare vatn enn antarktisk krill.

Pelagiske amfipodar

Amfipodar er ein stor dyreorden som inneheld artar som er bentiske eller pelagiske, parasittiske eller frittlevande. Av dei pelagiske artane i Sørishavet, er Themisto gaudichaudi den mest talrike. Themisto-slekta av amfipodane er truleg det mest talrike planktonet i Sørishavet etter hoppekreps, krill og salpar, som alle hovudsakleg er planteetarar. Themisto er kjøttetarar og kan i enkelte deler av Antarktis observerast i tette svermar, t.d. langs kysten av Sør Georgia. Det er ei viktig kjelde til føde for mange topp-predatorar slik som ulike artar av pingvinar, fugl, kval, fisk og blekksprut.  

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.