Sel er eit marint pattedyr, og ein viktig komponent i det marine økosystemet i Sørishavet.
Pelsselhann. Foto: Norsk polarinstitutt.
Dei viktigaste selartane er krabbeetarsel, pelssel og leopardsel. Dei to førstnemnde beitar på krill, og krabbeetarselen har spesialkonstruerte tenner med hull slik at den kan filtrere krill. Leopardselen er altetar og har blant anna pingvinar på menyen. Krabbeetarsel er den mest tallrike av dei, og ein har mellom anna spekulert i om desimeringa av bardekvalane har gjeve meir rom for andre krilletande artar.
