Krill er små, rekeliknande dyr som finst i alle verdens hav. I våre farvatn er det til og med satt av ein liten kvote for eventuelt å prøve ut kommersielt fiske, men hittil har ingen utnytta den.
Krill i Antarktis er dominert av ein art, Eupheausia superba, og blir ofte kalla superkrill sidan den kan bli både stor og gammal, 6 cm og 5 år. Superkrillen er ein av dei største planktonartane, og lever vanlegvis i tette svermar som kan ha meir enn 10 000 individ pr m3 vatn. Sjølve svermen er ofte ganske liten, berre nokre få meter i utstrekning, men av og til kan dei vere fleire kilometer lange og innehalde tusenvis av tonn med krill. Krillen et planteplankton, og kan til og med beite på små planteplankton som heng fast under isen.
Krillen står sentralt i næringskjeda i Antarktis, og man snakkar om eit krillsentrert økosystem. Krill er det viktigaste byttet for predatorar som fisk, blekksprut, fugl, pingvin, sel og kval.
Kor mykje krill som finst i Antarktis er usikkert, men tall som 500-700 millionar tonn har vært anslått. Usikkerheta skyldast først og fremst mangel på kunnskap både om utbreiing og ikkje minst evna krill har til å reflektere lyd frå ekkolodd. Ekkolodd er den viktigaste og beste måten å måle bestandstørrelsen på. ”G. O. Sars” er spesialutstyrt for å måle refleksjonsevna. Eit av hovudformåla med toktet er nettopp å undersøke krillen si refleksjonsevne og andre akustiske eigenskapar krillen måtte ha.
